Eit hjarte til jul

Line Dybedal |
Line Renslebråten (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 40 | ISBN: 9788234005053

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Magi i juletreskogen

Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på.
Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg?

Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet.

Line Dybedal (1988) er låtskrivar og musikar frå Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK Super-serien "Bli med heim" og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar.

Line Renslebråten (1980) er forfattar og illustratør busett i Asker. Ho har mellom anna skrive og illustrert Under polarisen og Virkelighetens monstre, samt illustrert den brageprisnominerte Blåhvalen.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Line Dybedal

Du likar kanskje desse

Sist sett på