Dei norske borgarkrigane: 1130-1240

Hans Jacob Orning |
E-bøker | Sidetal: 99 | ISBN: 9788234004803

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

Vi har lett for å snakke om kriser som noko vi skal finne ein veg ut av, men som professor i mellomalderhistorie Hans Jacob Orning viser i denne boka, kan det vi i dag kallar krise også vere ein normaltilstand. Slik var det i den såkalla borgarkrigstida i Noreg. I tida frå 1130 til 1240, under høgmiddelalderen, var landet prega av ei rekke regionale feidar. Denne tida blir kalla for borgarkrigstida, og i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 blei borgarkrigane kalla «den store villfaringståka som størstedelen av dette landets folk har vore så harmeleg blinda av.» Dette perspektivet har sett sterkt preg på synet vårt på borgarkrigstida, heilt opp til i dag.

Men som Orning viser, hadde kongsmakta og kyrkja sterk interesse i å framstille denne tida som eit valdeleg samfunnssamanbrot. Dei hadde ein visjon om at det gode samfunn var leia av konge og biskopar, og der bøndene skulle lyde. Med kongesogene som inngang fortel Orning om dei som levde i denne tida: myndige menneske som hevda sin rett, om naudsynt med vald, men ofte også med fredelege middel. Det var ikkje så mykje «alles krig mot alle» som det var «alles samarbeid med alle», hevdar han.

Ved å trekke linjer til andre krisar i nyare tid, gir forfattaren oss ei meir nyansert oppfatning om kva kriser eigentleg er. Ei krise er alltid noko som er skapt i ettertid av nokon som har noko å tene på det.

Boka er ein del av Samlagets serie KRISETID - bøker om verdas historiske kriser skrivne av nokre av våre fremste fagfolk.


Hans Jacob Orning er professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bøker og artiklar om norsk og europeisk mellomalder. For eit breiare publikum har han s

Bla-i-boka

Hans Jacob Orning

Du likar kanskje desse

Sist sett på