Domestiserte dyr: ein opera buffa i tre delar

Arild Rein
Innbunden | Sidetal: 287 | ISBN: 9788234006777

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price305,00 kr translation missing: nn.product.general.regular_price349,00 kr

Skildring

Feiring av skilsmisse, arv og død.

Dei tre monologane i denne romanen krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fører ordet. Og i «Makuleringsfesten» er det Mania, dødsgudinne og personifiseringa av galskap, som fører ordet. Alle delane er lagt til det moderne Norge.

Monologane går i eit høgt og bankande tempo, og trass i den brutale pessimismen og nihilismen som gjennomsyrer dei, der dei skildrar skinnet av sivilisasjon menneska har ikledd seg, er dei ein einaste stor fryd å lese, der dei med eruptivt språkleg overskot slår og sparkar i alle retningar.

Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i «Stavanger-trilogien». Reins kompromisslause og samstundes svært underhaldande tekstar, er kritiske analysar av det norske samfunnet, der han frå stadig nye vinklar går uredd bak fasadane for å undersøke drivkreftene og årsakssamanhengane, og slik lar lesaren stå ansikt til ansikt med råskapen i samfunnet og dei mørkaste avkrokane av menneskenaturen.

Arild Rein

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på