Dikt i samling

Jon Fosse
Innbunden | Sidetal: 463 | ISBN: 9788234005183

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price349,00 kr translation missing: nn.product.general.regular_price399,00 kr

Skildring

Taus musikk

Jon Fosse er særleg kjend som dramatikar og romanforfattar, men han har også gjeve ut ei rekkje diktsamlingar. I den særeigne og kritikarroste lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsmal om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

Fosse debuterte som lyrikar i 1986. I Dikt i samling er dei åtte diktamlingane hans samla i ei bok. Fosse har karakterisert seg som poet same kva han skriv. Vegen er ikkje lang mellom Fosses romanar, skodespel og lyrikk, og diktsamlingane er i seg sjølve gode inngangar til ein av våre viktigaste og mest originale forfattarskapar.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Jon Fosse

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på