Når kreft gir kraft: rapport frå første halvår med kreftdiagnose

Hans Olav Tungesvik |
Innbunden | Sidetal: 91 | ISBN: 9788252169850

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price279 kr

Hans Olav Tungesvik, i mange år ein av våre mest markante rikspolitikarar, psykiater, også kjend som populariserande .radiolege. i NRK, har skrive ei personleg skildring, frå 30. mars 2006 då han fekk vite at han hadde prostatakreft, til han er i ferd med å avslutte første strålebehandlinga seks månader etter. Legen er sjølv blitt pasient og er overraska over at han ikkje kjenner seg redd; i staden opplever han meir audmjukt at også han er dødeleg og kva som er viktig i kvardagen. I boka flettar han inn refleksjonar om sitt kristne livssyn, og viser korleis utvalde og tilfeldige bitar frå salmar, popmusikk og litteratur, TV-program, avisoppslag, turar i skog og fjell, møte med andre menneske og ulike arbeidsoppgåver no står fram i eit uventa og givande perspektiv. Ei lettlesen framstilling av ein sjukdom som stadig er vanskeleg å snakke om, skriven slik at den paradoskalt nok også blir ei alternativ gåvebok, til trøyst og opplysning.

Hans Olav Tungesvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på