{"title":"Hans Olav Tungesvik","description":"\u003cp\u003eHans Olav Tungesvik (f. 1936) har hatt eit mangfaldig yrkesliv med talrike verv i politikk og frivillige organisasjonar: Leiar i Noregs Mållag 1965_x0096_70, fylkespsykiatar i Finnmark 1975_x0096_77, stortingsrepresentant 1977_x0096_85, parlamentarisk leiar for Kr.F 1983_x0096_85, sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium 1995_x0096_97. Etablerte i 1985 Frihamn psykiatriske senter i Skånevik, der han med eit lite avbrot har vore dagleg leiar sidan.\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"nar-kreft-gir-kraft-rapport-fra-forste-halvar-med-kreftdiagnose","title":"Når kreft gir kraft: rapport frå første halvår med kreftdiagnose","description":"Hans Olav Tungesvik, i mange år ein av våre mest markante rikspolitikarar, psykiater, også kjend som populariserande .radiolege. i NRK, har skrive ei personleg skildring, frå 30. mars 2006 då han fekk vite at han hadde prostatakreft, til han er i ferd med å avslutte første strålebehandlinga seks månader etter. Legen er sjølv blitt pasient og er overraska over at han ikkje kjenner seg redd; i staden opplever han meir audmjukt at også han er dødeleg og kva som er viktig i kvardagen. I boka flettar han inn refleksjonar om sitt kristne livssyn, og viser korleis utvalde og tilfeldige bitar frå salmar, popmusikk og litteratur, TV-program, avisoppslag, turar i skog og fjell, møte med andre menneske og ulike arbeidsoppgåver no står fram i eit uventa og givande perspektiv. Ei lettlesen framstilling av ein sjukdom som stadig er vanskeleg å snakke om, skriven slik at den paradoskalt nok også blir ei alternativ gåvebok, til trøyst og opplysning.","brand":"Hans Olav Tungesvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36738743959703,"sku":"9788252169850","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/0WDqaCwrrF0bWZ4pKP69MsIzcDvW1hJ65bEjcGEa.jpg?v=1716507523"}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/collections\/Hans-Olav--Tungesvik.jpg?v=1480418890","url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/hans-olav-tungesvik\/2006.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}