Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr.
Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.
Sitat frå melding
["\u00ab\"Vi f\u00e5r ei historisk og delvis ei geografisk oversikt over denne fuglens liv, og korleis ho lever i dag. Vi f\u00e5r ogs\u00e5 glimt av korleis \u00f8rna er forst\u00e5tt og bruk i politikk og kunst, religion og mytologi, og vi f\u00e5r flotte \u00f8rnebilete. Dette er ei kjekk og l\u00e6rerik bok for alle som m\u00e5tte vera opptekne med \u00f8rn, s\u00e6rleg hav\u00f8rn!\"\u00bb<\/span> - Johannes Kleppa, Dagen <\/span>"]
Gunnar Myklebust
(f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har mellom anna skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg, Ishavet, ei bok om norsk fangsthistorie og Ragnar Ulstein. I krig og fred.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO