SIGNERT UTGÅVE: Dei dødsdømde: dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet
Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta.
Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var
heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane.
Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid.
I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?
Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.
Aina Basso
Litterære prisar
Bokbloggarprisen
For Finne ly
Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
For Fange 59. Taterpige
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO