Last ned omslag

Bla-i-boka

Vestlandskviss. Den store spørjeboka om Vestlandet

Halvor Folgerø | Janne Nygård

Kvissboka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var ein vestlending

Vestlandet er paradis på jord, med blå fjordar, høge fjell og grepa menneske. Men Vestlandet er òg ras, regn, nedlagde ferjer og geiter midt i vegen. Vestlandskviss tek deg med på ei reise langs E39, gjennom frodige eplehagar, bedehus og industri i verdstoppen.

Kva kan du eigentleg om Stavanger-bølgja i norsk film? Eller tradisjonsmat frå Møre? Og kven var det som sa: «Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetes pine»? Vi berre spør – og håpar du har svar.

I boka finn du kategoriar som «Vestlendingar som har flytta til Austlandet», «På smelteverket» og «Fullfør ferjesambandet». Vi har òg fått hjelp frå kjentfolk: Gunnar Staalesen har skrive ein vestlandsk krimkviss, og Linda Eide har laga ein kviss om seg sjølv (ja, det er sant!).

Spørsmål i alle kategoriar. Passar for heile familien.



Meir frå Halvor Folgerø