Verda er ein skandale

Agnes Ravatn

Om livet, lykka og eit tilvære på bygda

Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned i permisjonstida. I eit forfalle småbruk utan Internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Det handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 Lekende lett om lykken på landet.
Marius Wulfsberg, Dagbladet

Velskreven, underholdende og klok bok
Silje S. Norevik, Bergens Tidende

... en smart essaysamling som fortjener å leses
Anders Veberg, Aftenposten

Det er lite som slår destillert Ravatn, med sine sylkvasse observasjonar pakka inn i vestlandsk sarkasme.
Hanna Maria van Zjip, Klassekampen


ISBN: 9788252195286

Kategoriar: Agnes Ravatn, Alle bøker, Fakta og dokumentar, Nyheiter og populære bøker, Pocket,

Emneknagg: 2017, 2018, Maisal, Nyheit, Pocket,

Sjanger: Livet



Meir frå Agnes Ravatn