Skriftkultur

Ottar Grepstad |

Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur.

Språkmannen, forleggjaren, forfattararen, direktøren. Rollene er mange, men strekk ikkje heilt til for å gi ei uttømmande forståing av hans virke og verk.  Både som forleggar og forfattar har Grepstad vore ein sentral våpendragar for auka merksemd om og respekt for den norske sakprosaen. I 1997 gav han ut standardverket Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk, men alt i 1982 hadde han bidrag i Essayet i Norge, følgt opp av Retorikk på norsk i 1988. I si nyaste bok utdjupar han tidlegare tankar, men framom alt legg han fram nye synspunkt og briljerer med kunnskapar, over- og innsyn i det mangslungne feltet som blir sameina i tittelen Skriftkultur.

 ”Den som skriv, sender ut tidssignal. Den tidfestinga ligg i skriftfestinga”. Slik startar boka Skriftkultur, der Grepstad gir oss tidssignal frå det moderne Noreg om skrift, språk og minne. Ein raud tråd gjennom boka er krafta som ligg i skrift. Korleis skrift skapar både fred, konflikt og nyvinning, og til sjuande og sist er ein av dei viktigaste føresetnadane for at menneskeleg kultur i det heile kunne oppstå og utvikle seg.

 


ISBN: 9788252197655

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Lesetips, Ottar Grepstad

Emneknagg: 2018, Nyheit,

Sjanger: Språk og litteratur


Meir frå Ottar Grepstad