Last ned omslag

Bla-i-boka

Oppdateringar frå lykkelandet

Marta Norheim

Kva skjer i den nyaste litteraturen?

Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattarane om, og korleis?

For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak, meiner Norheim.

Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk.

Frå Bokmeldingar

Norheims joviale presentasjon av samtidslitteraturen fører òg med seg at unge, og somme av dei ukjende, men gode forfattarar blir løfta fram.
Margunn Vikingstad, Morgenbladet


ISBN: 9788252194197

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Marta Norheim

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Språk og litteratur


Meir frå Marta Norheim