Last ned omslag

Bla-i-boka

Norwegerstrasse. Frå Berlin til Stalheim via Nordkapp

Alexander Häusser og Jørgen Norheim

Ei original og kunnskapsrik reiseskildring

På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.

På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten òg ei reise tilbake til ungdomstida. Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit.

Norwegerstraße er både ei reiseskildring og ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.



Meir frå Alexander Häusser og Jørgen Norheim