Last ned omslag

Bla-i-boka

Krig. Mor. Bror. Ottar Hauglands kamp mot nazismen

Svein Sæter

Ei lysande historie om mørke gjerningar

November 1943. I same natt blir to brør tekne og torturerte av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men får eit liv etter sjølvmordspilla, eit liv i dødsleiren Stutthof.

Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar
å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og papir i konsentrasjonsleiren.

Dette er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet.



Meir frå Svein Sæter