Last ned omslag

Bla-i-boka

Heim : Ei vandrehistorie

Hallgeir Opedal

Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 «en upretensiøs og rikt variert hybrid av reiseskildring, anekdoter og essayistikk, med en latterlig enkel dramaturgi som likefullt klarer å gjøre teksten til pageturner.» Jon Rognlien, Dagbladet

«Etter 30 år i tigerstaden vil han gå hjem. Traske den ruta han har kjørt i alle de år og kjenner så vel. Hvor annerledes blir det å gå turen? Veldig. Det er god lesning for alle som setter pris på både Hallgeirs penn og tanken med vandre-prosjektet.» Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

«Jeg sitter på kroken, straks. ( ... ) Språket sprudler som om det var tilsatt kullsyre. Eg vil ha meir av dette boblande, morosame og underfundige! Ja, jeg begynner nærmest å jodle på nyonrsk, der jeg går inn og ut av de mange tankesprangene Opedal tar oss med på.»
Anders P. Kroglund, Prosa


ISBN: 9788252197938

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Hallgeir Opedal

Emneknagg: 2019, Nyheit,

Sjanger: Dokumentar


Meir frå Hallgeir Opedal