Last ned omslag

Bla-i-boka

Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk

Emil André Erstad

Frå innsida av maktkampen i KrF

Hausten 2018 kjempa KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt livs kamp. Han satsa alt på å vinne partiet i eit historisk skjebneval. Ja eller nei til regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. I 36 dagar gjennomlevde Hareide og partiet eit drama norsk politikk aldri har sett maken til. Den intense maktkampen enda med at KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet. Knut Arild Hareide gjekk av som partileiar. Han hadde satsa alt for det han trudde på.

Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar i denne tida. I Hareides fall fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane denne skjebnetunge hausten, om striden mellom Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde?

Hareides fall er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på.

Frå Bokmeldingar

«Erstad er ein drivande god skribent, her er temperatur og rettferdig harme, og han er ærleg inntil det sjølvutleverande. Så open tale er ikkje daglegdags i norsk politikk, i alle fall ikkje i KrF.»
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

«Emil André Erstad skriver godt. Det er driv over fortellingen hans hele veien og de scenene han tegner opp skildres på en svært levende måte»
Vegard Selbekk, Dagen

«et fascinerende stykke politisk samtidshistorie»
Magnus Takvam, NRK

«Verdifullt innblikk i en mislykket endringsprosess»
Åshild Mathisen, Morgenbladet

«[n]ok en gang får vi belyst at partipolitikk på dette nivået ikke er noen søndagsskole, uansett hva partier ellers måtte stå for. ( ... ) Blir det litt feil her å legge til at mannen skriver som en gud?»
Jon P Knudsen, Fædrelandsvennen

«interessant innblikk i hvor hardt man kjemper for noe man tror på.»
Tone Sofie Aglen, VG

«Jeg anbefaler denne.»
Knut Arild Hareide



Meir frå Emil André Erstad