Fløgstad verk : skriftprosessar : produksjonslinjer

Heming H. Gujord

Fløgstad verk gir ei samla framstilling av Kjartan Fløgstads meir enn 50 bøker sidan debuten i 1968. Boka gir den mest omfattande analysen som er gjort av Fløgstads mangfaldige og spenningsfylte forfattarskap. Forfattaren oppsøker grunnlaget for Fløgstads forfattarskap i Sauda og Ryfylke og følgjer linjene til verda utanfor. Synspunkt frå samtalar med Fløgstad er fletta inn i framstillinga. Fløgstad verk er delt inn i avdelingar som følgjer skriftprosessane og produksjonslinjene fram til i dag. Avdelingane spenner frå Danning og Etablering på 1960- og 1970-talet, via Produksjon og Kommunikasjon på 1970- og 1980-talet og fram til Distribusjon og Arkiv på 1990- og 2000-talet. Avdelinga for Sluttoppgjer samlar trådane og gjer nedslag i nokre av dei hardaste kulturdebattane i nyare tid.

Fløgstad verk er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i nyare norsk litteratur, kultur og samfunn

Frå Bokmeldingar

«Gujord er klårtenkt og klårrøysta, både i analysane og i dei ideologiske diskusjonane som ovrar seg hos Fløgstad. Han skriv oversiktleg, underhaldande og opplysande, utan å vere blenda av si openlyse beundring for forfattarskapen. [...] Gujord aktualiserer Fløgstads forfattarskap, gir stor plass til debattar han har stått i, og set dei i samanheng med ideologiske konfliktar i samtida. Det er få som liknar Fløgstad, og difor speglar Gujord han i dei som ikkje liknar.»
Eivind Myklebust, Klassekampen

«Å halde drivet og entusiasmen oppe i einskildlesingar av så mange verk frå eit så stort forfattarskap, er ei krevjande øving, og Gujord skal ha all mogleg honnør for å ha teke på seg den oppgåva – og å ha lykkast med det slik han har. Lesingane er interessante, varierte, grundige og augeopnande»
Idunn.no



Meir frå Heming H. Gujord