Last ned omslag

Bla-i-boka

Draumen om Catalonia

Johannes Nymark

Katalansk identitet i historisk lys

Nymark gir eit kunnskaps- og perspektivrikt innsyn i det særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen.

Ny ideologi, nye impulsar i kunst, arkitektur og litteratur har i regelen kome til Spania via Catalonia og spesielt hamnebyen Barcelona, og i fleire hundreår har det eksistert ein påfallande skilnad mellom det konservativt sentralistiske Madrid og det kulturelt og samfunnspolitisk langt meir liberale nordaustre hjørnet av den iberiske halvøya. Johannes Nymark syner korleis denne motsetninga opp gjennom hundreåra har prega kultur og framom alt språk, men også handel, industri og anna næringsliv, og i eit eige kapittel skildrar han kor sentral ei rolle fotballklubben FC Barcelona har spelt som aktør og symbol i denne sjølvstenderørsla.

Frå Bokmeldingar

«Draumen om Catalonia» kommer som et stykke folkeopplysning akkurat når vi mest trenger å forstå prosessen som kan rive Spania i stykker og utløse etterskjelv gjennom andre deler av Europa. […] Den som vil forstå det som skjer etter 27. september, finner ikke noen bedre norskspråklig guide."
Svein Egil Omdal , Bergens Tidene


ISBN: 9788252187632

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Johannes Nymark

Emneknagg: 2015, Hefta,

Sjanger: Historie


Meir frå Johannes Nymark