{"title":"Faglitteratur","description":null,"products":[{"product_id":"selbuvotten-vakre-monster-fra-ein-norsk-strikketradisjon","title":"Selbuvotten: vakre mønster frå ein norsk strikketradisjon","description":"Populær tradisjonsstrikk . Endeleg kjem den første store boka om den vakre og tradisjonsrike selbuvotten! Selbuvotten har halde seg like populær i fleire tiår og blir strikka av stadig nye generasjonar. I denne boka får du vite alt du treng for å komme i gang med å strikke vottar i ulike mønster og fargar. Boka inneheld både kulturhistorisk stoff om dei kjende vottane og ei enkel innføring i strikketeknikken. Over 30 oppskrifter til ulike selbuvottar gir deg framgangsmåten trinn for trinn. Boka er illustrert med fargebilete og mønsterskjema.","brand":"Terri Shea","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736957120663,"sku":"9788252175226","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ALoBC9GswsFTljBcUSJQhDwQ1FGZBzZQ5amSanKu.jpg?v=1716509023"},{"product_id":"m-train","title":"M train","description":"Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. \n \nHo inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. \n \nM Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. \n \nTil norsk ved Brit Bildøen. ","brand":"Patti Smith","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736990380183,"sku":"9788252189087","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DGd6zwrve4cCpzHCipnX9cOzzzQVI41nu72L0Xks.jpg?v=1716512443"},{"product_id":"livvakt-pa-innsida-av-politiets-sikkerheitsteneste-pst-1","title":"Livvakt: på innsida av PST","description":"Med pistolen klar.  \n \nEnkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. \n  \nVi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?  \n  \nHistoria til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.","brand":"Simon Frammarsvik Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737026424983,"sku":"9788234000720","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LnNlQhf97ceWJ4KQtt7TzZY7SM6QVy8tJdg34na7.jpg?v=1716487672"},{"product_id":"lars-berg-rikspornograf-og-kulturforkjempar","title":"Lars Berg: rikspornograf og kulturforkjempar","description":"Dristige bøker frå radikal kulturprofil. \nLars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel. \n \nLars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.","brand":"Jan Olav Gatland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737028489367,"sku":"9788234002861","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Dje5lH2TsGpyTdM9BhG6qFWleY5fYhZxNHORKZ67.jpg?v=1716488335"},{"product_id":"jon-fosse-poet-pa-guds-jord-1","title":"Jon Fosse: poet på Guds jord","description":"Biografien er basert på ei rekkje samtalar med Jon Fosse om liv, kunst og dikting. Her kjem vi nærare innpå forfattaren, og høyrer om alt frå oppvekst med gitar og danseband i bygda Strandebarm i Hordaland, cocktailparty i Paris, 12-åringens hemmelege skriverom, til dei store teaterscenene i Europa. Vi får høre om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, om forlagsrefusjonar og kritikarhyllest, og om ein mann som meiner han først og fremst er ein poet på Guds jord.","brand":"Cecilie N. Seiness","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035239575,"sku":"9788234004063","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qNGOpTYZFGmNkJKkKz8tdtGEi8Z8jievUcsVdWSo.jpg?v=1716488696"},{"product_id":"heksejakt-og-heksebrenning-i-europa","title":"Heksejakt og heksebrenning i Europa","description":"Då hekseri og trolldom var blodig alvor!\n\nFrå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.\n\nHeksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft.\n\nHistorikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?\n\nHeksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737040547991,"sku":"9788234003981","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hNwycMdmSvbHFy6NO3QlqdqIy5Pnl9jgJSJqX3HM.jpg?v=1716488663"},{"product_id":"nynorskordboka-bokmalsordboka-1","title":"Nynorskordboka ; Bokmålsordboka","description":null,"brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Produkt som inneheld fleire enkeltprodukt","offer_id":36737048019095,"sku":"9788252127799","price":900.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorskordboka-bokmalsordboka","title":"Nynorskordboka ; Bokmålsordboka","description":null,"brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Produkt som inneheld fleire enkeltprodukt","offer_id":36737048182935,"sku":"9788252141955","price":1034.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"med-andre-ord-den-store-synonymordboka-med-omsetjingar-til-nynorsk-2","title":"Med andre ord: den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk","description":"Ordboka inneheld over 13000 oppslagsord med forklaringar og døme på korleis dei blir brukte i samanhengen og over 18000 bokmålsuttrykk og sitat frå presse, litteratur, administrasjonsspråk og rettspraksis. Den har også krysstilvisingar og ordliste over nyare engelske lån- og moteord.","brand":"Magne Rommetveit","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737048674455,"sku":"9788250811225","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"med-andre-ord-den-store-synonymordboka-med-omsetjingar-til-nynorsk-1","title":"Med andre ord: den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk","description":"Ordboka inneheld over 13000 oppslagsord med forklaringar og døme på korleis dei blir brukte i samanhengen og over 18000 bokmålsuttrykk og sitat frå presse, litteratur, administrasjonsspråk og rettspraksis. Den har også krysstilvisingar og ordliste over nyare engelske lån- og moteord.","brand":"Magne Rommetveit","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737049067671,"sku":"9788252151633","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kristianiabohemen-byen-miljoet-menneska-1","title":"Kristianiabohemen: byen, miljøet, menneska","description":"Eit kulturhistorisk verk der forfattaren skildrar og drøftar mange emne som er like aktuelle i dag som på 1800-talet: alkoholisme, diktarrolla, utopiske draumar, skandalar, psykopati og sjølvmord. Både kjende og mindre kjende bohemar blir skildra og stor plass blir gitt til ein av dei få legendariske kvinnefigurane i norsk kulturhistorie: Oda Krohg. Boka er og ein biografi om Hans Jæger og skildrar trekantforholdet mellom Oda Krohg, Hans Jæger og Christian Krohg. Med kjelder og personregister. Illustrert.","brand":"Halvor Fosli","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737051230359,"sku":"9788252147247","price":234.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kristianiabohemen-byen-miljoet-menneska","title":"Kristianiabohemen: byen, miljøet, menneska","description":"Eit kulturhistorisk verk der forfattaren skildrar og drøftar mange emne som er like aktuelle i dag som på 1800-talet: alkoholisme, diktarrolla, utopiske draumar, skandalar, psykopati og sjølvmord. Både kjende og mindre kjende bohemer blir skildra og stor plass blir gitt til ein av dei få legendariske kvinnefigurane i norsk kulturhistorie: Oda Krohg. Boka er og ei biografi om Hans Jæger og skildrar trekantforholdet mellom Oda Krohg, Hans Jæger og Christian Krogh. Med kjelder og personregister. Illustrert.","brand":"Halvor Fosli","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737051361431,"sku":"9788252141610","price":400.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"greatest-hits-vol-2-the-golden-years","title":"Greatest hits vol 2: the golden years","description":"Harry: Under mottoet \"Ung, stolt og harry\" gir forfattaren ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Bibelen 2: Her får du heile historia om det som skjedde etter at Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, fortald av dei som møtte han, dei som påstod at dei møtte han, dei som følgde han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som rådgivarane hans. I tillegg inneheld boka alle tekstane frå andre bøker, aviser, blad, radio og tv.","brand":"Are Kalvø","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737062731927,"sku":"9788252164596","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-8","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070104727,"sku":"9788252130430","price":352.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-7","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070432407,"sku":"9788252137958","price":367.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-6","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070858391,"sku":"9788252142839","price":391.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-5","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":"Boka er til bruk for dei fleste personellgruppene i helsetenesta. Stoffet er først og fremst ord og omgrep frå medisin. For grunnfag, er det lagt mest vekt på biologisk tilfang. Har ord og uttrykk frå vanleg medisinsk arbeid, definisjonar, forklaringar og etymologiske opplysningar.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737071022231,"sku":"9788252147841","price":395.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"medisinsk-lommeordbok-1","title":"Medisinsk lommeordbok","description":"Boka er eit utdrag av \"Norsk medisinsk ordbok\" av samme forfattar, og inneheld eit utval som høver for helsearbeidarar, studentar og elevar. Har 7000 oppslagsord.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737071284375,"sku":"9788252144536","price":189.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-4","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":"Boka er til bruk for dei fleste personellgruppene i helsetenesta. Stoffet er først og fremst ord og omgrep frå medisin. For grunnfag, er det lagt mest vekt på biologisk tilfang. Har ord og uttrykk frå vanleg medisinsk arbeid, definisjonar, forklaringar og etymologiske opplysningar.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737072791703,"sku":"9788252151275","price":395.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"xu-i-hemmeleg-teneste-1940-1947","title":"XU: i hemmeleg teneste 1940-1945","description":"Boka fortel historia om XU, den hemmelige etterretningsorganisasjonen i det okkuperte Norge. XU var knytt til Forsvarets Overkommando i London, men var leia av sivile kvinner og menn. Organisasjonen hadde omlag 1500 agentar i Norge, og fleire norske agentar i Tyskland. XU kartla alle tyske festningsverk, anlegg og kommunikasjonar. XU er ukent for nordmenn flest, delvis på grunn av den strenge teieplikta som vart oppheva først i 1988. Har oversikt over kjelder, litteraturliste og namneregister.","brand":"Svein Sæter","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737078591639,"sku":"9788252145359","price":307.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"takk-for-livet-emil-1","title":"Takk for livet, Emil","description":"Osmund Faremo ble sendt til Nacht und Nebel-leiren Natzweiler under krigen. Luxemburgeren Emil Frantz ble en reddende engel for de norske fangene. Han hadde en spesiell posisjon i leiren fordi han var en berømt bryter, og denne posisjonen brukte han til å gjøre livet bedre for andre fanger. Osmund Faremo mener at Emil var en av grunnene til at han kom ut av leiren i live.","brand":"Osmund Faremo","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737079378071,"sku":"9788252151046","price":250.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-personnamnleksikon-2","title":"Norsk personnamnleksikon","description":"Boka inneheld 6500 norske fornamn. Den oppgir alder, opphav og tyding av namna og viser utbreiing og bruk av desse frå mellomalderen til i dag (-95) Inneheld opplysningar om namnetypar, namnelov og namnedager. Har forklaring til oppslagsorda og forkortingsliste.","brand":"Kristoffer Kruken","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737080328343,"sku":"9788252144833","price":485.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-stadnamnleksikon-2","title":"Norsk stadnamnleksikon","description":null,"brand":"Jørn Sandnes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737080459415,"sku":"9788252134773","price":421.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-stadnamnleksikon-1","title":"Norsk stadnamnleksikon","description":null,"brand":"Jørn Sandnes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737080819863,"sku":"9788252109993","price":348.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"under-hauges-ord-essays-samtaler-brev-dikt-fotos","title":"Under Hauges ord: essays, samtaler, brev, dikt, fotos","description":"I denne boka har Jan Erik Vold samla sine eigne artiklar om Olav H. Hauge, samtalane han hadde med han, samt ei rekkje fotografier som Vold sjølv har teke, og dikt han har skrive til Hauge. Boka inneheld dessutan dei 134 breva Hauge skreiv til Vold i perioden 1967 - 1994, med Volds kommentarar. Boka har fleire register.","brand":"Jan Erik Vold","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737081442455,"sku":"9788252144628","price":346.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"stor-norsk-rimordbok-1","title":"Stor norsk rimordbok","description":"Bruksbok for tekstforfattarar av alle slag. Her finnst 100 000 rimord, på nynorsk og bokmål, systematisk ordna.","brand":"Kolbjørn Hauge","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737081573527,"sku":"9788252134797","price":378.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-rosemaling-1","title":"Norsk rosemåling","description":null,"brand":"Nils Ellingsgard","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737081868439,"sku":"9788252131420","price":331.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-rosemaling","title":"Norsk rosemåling","description":null,"brand":"Nils Ellingsgard","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737082261655,"sku":"9788252120240","price":230.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-salmebok-for-kyrkja-og-heim-og-skule-8","title":"Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule","description":null,"brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737084588183,"sku":"9788252114492","price":189.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-salmebok-for-kyrkja-og-heim-og-skule-6","title":"Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule","description":null,"brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737084981399,"sku":"9788252114461","price":167.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-salmebok-for-kyrkja-og-heim-og-skule-5","title":"Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule","description":null,"brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737085112471,"sku":"9788252114454","price":167.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-salmebok-for-kyrkja-og-heim-og-skule-1","title":"Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule","description":"","brand":"Støylen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737088880791,"sku":"9788252114393","price":144.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"orkanen-1","title":"Orkanen","description":"Dokumentarisk framstilling av orkanen som herja Nordvestlandet og Trøndelag nyårsdagen 1992. Den største naturkatastrofen som har heimsøkt landet vårt i nyare tid. Med tabellar og namneregister. Illustrert.","brand":"Oddgeir Bruaset","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737092419735,"sku":"9788252139099","price":373.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"eg-helsar-deg-nordmor","title":"Eg helsar deg, Nordmør","description":"Her presenterar forfattaren si personlege reiseskildring frå Nordmøre. Ho beskriver kysten, øyane, fjordane og fjellheimen.","brand":"Anne Karin Elstad","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737092911255,"sku":"9788252132939","price":362.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"songbok-for-pensjonistlag-og-andre-lag-1","title":"Songbok for pensjonistlag og andre lag","description":"Dette er ei bruksbok for alle som vil syngje i lag - i første rekkje for pensjonistlag. Det er mange slike lag no, og dei har vanta ei høveleg songbok til bruk på møte, festar og stemne. Boka vil også høve for mange andre - allstad der folk samlast til triveleg samvære. Her er viser, songar og salmar, både tradisjonelle og nye. Redaktøren er sjøl songar, folkehøgskolemann og pressemann på Sunnmøre.","brand":"Ivar Grimstad","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737093402775,"sku":"9788252129076","price":150.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"songbok-for-pensjonistlag-og-andre-lag","title":"Songbok for pensjonistlag og andre lag","description":null,"brand":"Ivar Grimstad","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737093959831,"sku":"9788252121544","price":78.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"erotiske-hetland-1","title":"Erotiske Hetland","description":"I denne boka har Hetland teikna det han likar best: jenter. Her er det fremste av teiknaren sin erotiske kunst presentert. Ein kan finna illustrasjonar både frå soga om vikinghelten Bose, pensjonistlivet og draumane frå puberteten, med homofile, blottarar, punkarar og andre i hovudrollene.","brand":"Audun Hetland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737097760919,"sku":"9788252152319","price":300.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norrone-gudar-1","title":"Norrøne gudar","description":"Ein kortfatta framstilling av livet og personlegdomen til dei viktigaste norrøne gudane, innramma av universets historie frå opphavet til enden. Med gjengiving av nokre av dei mest kjende mytiske forteljingane. Har litteraturliste og stikkordsregister.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737098154135,"sku":"9788252146530","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"erotiske-hetland","title":"Erotiske Hetland","description":"I denne boka har Hetland teikna det han likar best: jenter. Her er det fremste av teiknaren sin erotiske kunst presentert. Ein kan finna illustrasjonar både frå soga om vikinghelten Bose, pensjonistlivet og draumane frå puberteten, med homofile, blottarar, punkarar og andre i hovudrollene.","brand":"Audun Hetland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737098285207,"sku":"9788252143867","price":243.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"namneboka-1","title":"Namneboka","description":"Eit barn kjem til verda og skal ha eit namn. For foreldra kan det ofte vere eit vanskeleg val, og mange tyr til ei oppslagsbok. Namnboka er den største i sitt slag, med over 3000 personnamn. Jentenamn og gutenamn er ordna kvar for seg, og du vil finne opplysningar om kvar namnet kjem frå, tyding, geografisk utbreiing, historisk utvikling, frekvens og skrivemåtar. Namnedagane er tekne med, og boka har ein interessant namnestatistikk. Eit innleiingskapittel gjev foreldre gode råd om namnegjeving og kunnskap om norsk namnetradisjon.","brand":"Olav Veka","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737107722391,"sku":"9788252141566","price":125.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"passio-olavi-lidingssoga-og-undergjerningane-at-den-heilage-olav-1","title":"Passio Olavi: lidingssoga og undergjerningane åt den heilage Olav","description":"Ein reknar det som svært sannsynleg at mannen bak dette verket er erkebiskop Øystein Erlendsson (1161-1188). Passio Olavi vart skriven på latin, språket den tida, og biskopen plasserer her det ytste Norden på det kristne verdskartet. Det er ei oppbyggingsbok, skriven for å bli brukt i liturgien både i Noreg og andre land. I første delen høyrer ein om historia og verket til Olav den heilage, med særleg vekt på misjonsverksemda hans. Undergjerningane utgjer andre delan av boka. Denne utgåva er ei faksimile av 1930-utgåva, men har fått nytt forord av kapellanen ved Nidaros domkyrkje","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737115095191,"sku":"9788252143973","price":250.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-grammatikk-lyd-og-ordlaere-1","title":"Nynorsk grammatikk: lyd og ordlære","description":null,"brand":"Olav T. Beito","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737115521175,"sku":"9788252128017","price":350.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norske-fyr-ei-reise-langs-kysten-1","title":"Norske fyr: ei reise langs kysten","description":"Boka tek for seg eit utval på 30 fyrstasjonar, frå Slettnes i Finmark til Alnes i Giske kommune på Sunnmøre og Utsira i Rogaland. Forfattaren fortel om dei som budde på fyra, skremande forlis og lagnader. Her kan ein og lese korleis fyra kan nyttast i dag og korleis ein kan kome seg ut til dei. Med ei oversikt over alle dei norske fyrstasjonane.","brand":"Ove Olderkjær","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737115881623,"sku":"9788252151916","price":450.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-historie-1814-1881","title":"Norsk historie: 1814-1880","description":null,"brand":"Arne Bergsgård","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737116176535,"sku":"9788252113303","price":100.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"sokrates-forsvarstale","title":"Sokrates' forsvarstale","description":null,"brand":"Plato","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737121222807,"sku":"9788252100822","price":250.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norske-fyr-ei-reise-langs-kysten","title":"Norske fyr: ei reise langs kysten","description":"Boka tek for seg eit utval på 30 fyrstasjonar, frå Slettnes i Finmark til Alnes i Giske kommune på Sunnmøre og Utsira i Rogaland. Forfattaren fortel om dei som budde på fyra, skremande forlis og lagnader. Her kan ein og lese korleis fyra kan nyttast i dag og korleis ein kan kome seg ut til dei. Med ei oversikt over alle dei norske fyrstasjonane.","brand":"Ove Olderkjær","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737124204695,"sku":"9788252164626","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/4vU41Ibuc7C4ay5CVwcke6NlOAvrrQqIjVMI4Zzx.jpg?v=1716505474"},{"product_id":"takk-for-livet-emil","title":"Takk for livet, Emil","description":null,"brand":"Osmund Faremo","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737127743639,"sku":"9788252129946","price":214.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"syn-og-segn-hefte-4-2020-tidsskrift-for-kultur-samfunn-politikk","title":"Syn og segn. Hefte 4-2020: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":null,"brand":"Janne Nygård","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737132003479,"sku":"9788234003233","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/T88nZs87DKsIjv0RsAA09tuJolB0AikmbtNTj41U.jpg?v=1716488461"},{"product_id":"syn-og-segn-hefte-3-2020-tidsskrift-for-kultur-samfunn-politikk","title":"Syn og segn. Hefte 3-2020: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":null,"brand":"Janne Nygård","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737132462231,"sku":"9788234003226","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Gy4qGVcF8BHsFc2hcr4PMwk2Uz1iVmGfW9OD6lFM.jpg?v=1716488457"},{"product_id":"med-berre-nevane-eit-forsvar-for-praktisk-arbeid","title":"Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid","description":"Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne. Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.  Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet? På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.","brand":"Siri Helle","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737133707415,"sku":"9788252196665","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/3LhfzZXqyhqLfqxbtbaCpyfuguarwag8kOzi4mqB.jpg?v=1716514189"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/faglitteratur.oembed?page=5","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}