Ligge på vinden

Erna Osland |
Innbunden | ISBN: 9788252156652

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price179 kr

Heldig er den som har ein storebror som kan alt og dertil er snill! I den nye barneboka, Ligge på vinden, som Erna Osland i år gjev ut på Det Norske Samlaget, blir me kjende med Kristoffer, også kalla Krapylet, og storebroren Magnus, også kalla Kongen. Magnus er så stor at han bur for seg sjølve, og no skal Kristoffer vere hos han ei tid medan foreldra er bortreiste. Storebror vil lære veslebror viktige kunster: å sykle, å symje, å temje farlege dyr - ja til og med å flyge! Kristoffer øver iherdig, men iblant er det slitsamt å vere den som skal lære allting. Det blir meir enn eit Krapyl kan orke. Så viser det seg faktisk at det er ting som storebror må ha hjelp til og, av den som er mindre. Heldig er den som har ein veslebror!

Skildringa av dei to brørne og alt dei driv på med desse sommardagane, er både vakker, spennande og humørfylt. Den unge teiknaren Stina Langlo Ørdal har illustrert med spenstig strek, luftig og kraftfullt på same tid.

Erna Osland

Du likar kanskje desse

Sist sett på