Thunder Road er ein velskriven debutroman om vennskapen mellom bestefar og Mattis og kva ein gjer når forteljinga om eigen familie viser seg å ikkje vere sann. Her er også Bruce Springsteen-hat, unge menn i Fristad-jakker og dame-trøbbel. Forfattaren skriv glitrande om ein hovudperson som blir sliten mellom draumen om det han vil ha, og det han faktisk kan få i livet.
Meldingar
"Selv om vi finner mye av det som kjennetegner en typisk oppvekstroman, klarer Kaasa å gi stoffet egenart og karakter, han skriver fram til dels komplekse personligheter som leseren blir interessert i."
"[...] gripande godt, velkomponert og skrivarkunstnarleg vellukka [...] eit meisterstykke av eit sveinestykke [...] Det kunne kanskje vore meir enn ein høveleg slump om Erlend Kaasa fekk Tarjei Vesaas‘ debutant pris før bokåret 2009 er omme".
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
"Det er Kaasas sylskarpe blikk for detaljer og til tider virtuose språkføring som gjør dette til en av de sterkeste debutromanene som er utgitt i Norge på lang tid. Thunder Road er en fryd å lese for alle som har vært unge en gang."
Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009, i 2015 kom Livius. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar. Men ikkje Maria er den tredje romanen hans.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO