Eg er her enno: livet med kreft
Denne boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel om møtet med helsevesenet, om behandlinga og smertefulle biverknader og om den lammande angsten. Men ho fortel også om det som betyr mest av alt her i livet: kjærleiken, familien og venene.
«Eg er her enno» er ei bok om å vere dritlei livet som pasient, men også om å finne styrke og glede. Er det mogeleg å behalde håpet når legane seier at du sannsynlegvis ikkje har meir enn eit par år igjen?
Eli Strand (f. 1970) har vore journalist og programleiar i NRK og TV2. I dag arbeider ho med kommunikasjon for næringslivet og driv sitt eige selskap, der ho skriv tekstar og lagar filmar og podkast.
Eli Strand
Eli Strand (f. 1971) har arbeidd som journalist og programleiar i NRK og TV2. Ho er fødd og oppvaksen i Leikanger i Sogn og Fjordane og bur i Oslo. Etter at ho slutta i TV2, har Strand jobba med kommunikasjon for næringslivet og driv no sitt eige selskap, der ho skriv tekstar og lagar filmar og podkast. Eli fekk diagnosen ulækjeleg livmorhalskreft i desember 2019.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO