{"title":"Edit Bugge","description":"\u003cp\u003e\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\u003cstrong\u003eEdit Bugge\u003c\/strong\u003e\u003cspan\u003e er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"a-skrive-nynorsk-og-bokmal-nye-tverrfaglege-perspektiv","title":"Å skrive nynorsk og bokmål: nye tverrfaglege perspektiv","description":"Det er to norske skriftspråk i Noreg, nynorsk og bokmål. Kan vi kalla dette ein fleirspråksituasjon? Vil det å meistra båe skriftmål gje fleirspråkfordelar? Eller er andre sider ved den norske toskriftspråksituasjonen vel så verdifulle?\n\nI ti vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane  ulike sider ved den norske språksituasjonen i eit vidare fleirspråkperspektiv. Eit særleg føremål er å undersøkja om det å skriva både nynorsk og bokmål gjev kognitive effektar eller andre fordelar, om korleis ein i så fall kan finna det ut, og om det er viktig å finna det ut. Eit meir generelt føremål er å undersøkja på kva vis ny, tverrfagleg forsking på den norske språksituasjonen kan knytast til internasjonal forsking på bruken av fleire språk og til diskusjonen om språkleg mangfald.\n\nBoka rettar seg mot studentar og forskarar innanfor norsk og nordisk, lingvistikk, pedagogikk, psykologi, sosiologi og historie. Ho er óg relevant for alle som er interesserte i språk og samfunn og samanhengen mellom dei to. \n\nEli Bjørhusdal er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet (Sogndal). \nEdit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet (Bergen). \nJan Olav Fretland er dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet (Sogndal). \nAnn-Kristin H. Gujord er førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen","brand":"Eli Bjørhusdal","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36745407758487,"sku":"9788252195613","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/F8mNCExzDkk1DNmugFTa6DiVflYPVnbmaOJmxkyn.jpg?v=1716513965"},{"product_id":"vitskapsteori-for-laerarstudentar","title":"Vitskapsteori for lærarstudentar","description":"På kva grunnlag skaffar vi oss påliteleg kunnskap om verda? Kva er eigentleg vitskap? Dette er grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for eit kvart master- og forskingsprosjekt. For å svare på dette treng vi nokre knaggar til å orientere oss i ulike måtar å tenke og forske på. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBoka er bygd opp i fire delar. Den første delen er ein introduksjon til sentrale omgrep, tankemåtar og vitskapsteoretiske retningar.  I resten av boka presenterer vi korte døme i vitskapsteoretisk bruk skrive av ei rekke forfattarar frå språkfag, samfunnsfaga og estetiske fag. Del to handlar om akademisk skriving og ulike måtar å forske på. I del tre ser vi på tekstanalyse, med konkrete døme på koplinga mellom vitskapsteori og tekstanalyse. Den siste delen tek føre seg nye retningar i utdanningsfeltet, slik som posthumanisme, digitale verdsrom og kampen om kunnskap.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eErlend Eidsvik \u003c\/strong\u003eer geograf og professor ved Høgskulen på Vestlandet og UiT Norges arktiske universitet og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne særleg innan berekraft, klimadanning, geografi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eEdit Bugge\u003c\/strong\u003e er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.\u003cbr\u003e","brand":"Erlend Eidsvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":47368543273181,"sku":"9788234008368","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_447c7da8-a6ea-4c89-9d5a-5e6a6fd8dd34.jpg?v=1770642183"},{"product_id":"vitskapsteori-for-laerarstudentar-1","title":"Vitskapsteori for lærarstudentar","description":"På kva grunnlag skaffar vi oss påliteleg kunnskap om verda? Kva er eigentleg vitskap? Dette er grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for eit kvart master- og forskingsprosjekt. For å svare på dette treng vi nokre knaggar til å orientere oss i ulike måtar å tenke og forske på. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBoka er bygd opp i fire delar. Den første delen er ein introduksjon til sentrale omgrep, tankemåtar og vitskapsteoretiske retningar.  I resten av boka presenterer vi korte døme i vitskapsteoretisk bruk skrive av ei rekke forfattarar frå språkfag, samfunnsfaga og estetiske fag. Del to handlar om akademisk skriving og ulike måtar å forske på. I del tre ser vi på tekstanalyse, med konkrete døme på koplinga mellom vitskapsteori og tekstanalyse. Den siste delen tek føre seg nye retningar i utdanningsfeltet, slik som posthumanisme, digitale verdsrom og kampen om kunnskap.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eErlend Eidsvik \u003c\/strong\u003eer geograf og professor ved Høgskulen på Vestlandet og UiT Norges arktiske universitet og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne særleg innan berekraft, klimadanning, geografi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eEdit Bugge\u003c\/strong\u003e er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.\u003cbr\u003e","brand":"Erlend Eidsvik","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":47368543338717,"sku":"9788234008375","price":339.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_fdffc362-02dd-4c1e-977a-03e1962959c6.jpg?v=1770642180"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/edit-bugge.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}