Norsk utanrikspolitikk etter 1814

Roald Berg |
E-bøker | Sidetal: 205 | ISBN: 9788252199741

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Boka gir ein kortfatta introduksjon til norsk utanrikspolitikk frå 1814 og fram til i dag. Hovudtemaet er korleis den utanrikspolitiske tenkjemåten utvikla seg og kom til uttrykk i denne tohundreårsperioden. Forfattaren viser at grunnlinjene i tryggingspolitikken . russofobien og den vestlege stormaktsgarantien . vart til alt i unionstida, og vidareført i Integritetstraktaten i 1907 og i NATO-medlemskapen i 1949. Parallelt tok den norske folkeretts- og humanitærpolitikken si form, først i freds- og voldsgiftspolitikken sist på 1800-talet, deretter i Folkeforbundet, og så i bistandspolitikken i etterkrigstida og engasjementspolitikken etter den kalde krigen. Slik hevdar forfattaren at det er meir kontinuitet enn brot i relasjonane til framande statar i desse to hundre åra, der folkeretten alltid har vore Noregs viktigaste forsvarsverk.

Roald Berg

Du likar kanskje desse

Sist sett på