Mediesosiologi
Den nye utgåva er oppdatert med ny empiri og nye skildringar av strukturar og reguleringar i mediesektoren. Boka har også med fleire mediesosiologiske perspektiv, slik som ritualteori og forsking knytt til generasjonsforskjellar.
BASIS er ein serie kortfatta oversynsbøker om sentrale tema i sosiologi. Bøkene oppsummerer og drøftar ulike retningar, perspektiv og forskingstradisjonar og gir god oversikt over dei ulike felta. Kvar bok inneheld ein kommentert bibliografi og eit temaregister slik at ho utgjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med temaet.
Toril Aalberg (f.1970) er professor i sosiologi ved NTNU. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna politisk kommunikasjon, offentleg opinion, politisk deltaking og mediebruk.
Eiri Elvestad (f.1970) er førsteamanuensis i sosiologi ved Høgskolen i Vestfold. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna lokale medium, medieglobalisering, mediebruk, ungdom og kjønn i media.
Toril Aalberg
(f.1970) er førsteamanuensis i mediesosiologi ved NTNU. Ho har særleg arbeidd med politisk kommunikasjon, offentleg opinion, politisk deltaking og mediebruk.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO