Krig. Mor. Bror: Ottar Hauglands kamp mot nazismen

Svein Sæter |
Innbunden | Sidetal: 176 | ISBN: 9788234000607

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Ei lysande historie om mørke gjerningar.

November 1943. I same natt blir to brør tekne og torturerte av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men får eit liv etter sjølvmordspilla, eit liv i dødsleiren Stutthof.

Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og papir i konsentrasjonsleiren.

Dette er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet.

Bla-i-boka

Svein Sæter

Du likar kanskje desse

Sist sett på