Hjartebank: historia om Oddny Miljeteig
Til full jubel blei 60-a.ringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV pa. landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget fra. lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre ma.nader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho la.g pa. isolat da. Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til a. delta i valkampen. Dei neste a.ra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre a.r a. stable seg pa. beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.
Til hausten fyller Oddny Miljeteig 65 a.r, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar - ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er sa. langt fra. ein politisk broiler som ein kan komme.
I denne boka fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for a. fa. vite kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel ogsa. for første gong offentleg om da. ho var med og skjulte flyktningar i Bergen.
Dette er eit ærleg portrett av eit motstraumsmenneske det er vanskeleg a. stille seg likegyldig til.
Kjersti Mjør
Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka "Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig".
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO