Berlinhistorier: kald krig i den delte byen

Astrid Sverresdotter Dypvik |
E-bøker | Sidetal: 192 | ISBN: 9788252192391

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to. Berlin blei liggande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei den 45 kilometer lange Berlinmuren bygd. Berlin var ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989.

Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då byen låg i skvis mellom supermaktene. Vi møter blant andre Hartmut Richter som i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og blei seinare flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret. Vi råkøyrer med tidlegare Stasi-agent Werner Stiller, i dag Peter Fischer, som ei tid var blant dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er tilsett i Nationen, men har tidlegare arbeidd både i Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.

I 2013 fekk Dypvik glitrande kritikkar for Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land. Boka blei også nominer til Kritikarprisen.

Meldingar

Astrid Sverresdotter Dypvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på