Norsk bistandshistorie

Randi Rønning Balsvik |
E-bøker | Sidetal: 192 | ISBN: 9788252199727

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Boka gir ei kortfatta oversikt over Noregs engasjement i internasjonalt bistandsarbeid frå Kerala-prosjektet i 1952 til i dag. Etter å ha gjort greie for korleis utviklingshjelpa kom i gang etter den andre verdskrigen, følgjer forfattaren utviklingslinjene i det norske bistandsarbeidet: Korleis ein har tenkt omkring bistand til ulike tider, kva erfaringar ein har gjort i konkrete prosjekt, og korleis arbeidet har blitt organisert. Noreg markerte seg tidleg innan internasjonalt bistandsarbeid, og med stadig aukande oljeinntekter, kom Noreg til å vere blant dei leiande landa når det gjaldt storleiken på u-hjelpa i høve til folketal. Slik fekk Noreg ei stilling i internasjonale relasjonar langt utover det ein kunne forvente ut i frå folketalet. Ei hovudoppgåve i boka er å syne korleis Noreg nytta dette handlingsrommet.

Randi Rønning Balsvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på