Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Avslutninga på storverket

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.

I det tredje bandet av «Septologien» nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i Bjørgvin.

I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har fest seg i minnet hans. Asle og Ales flytter etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren gifter seg også, men bryllaupet hans endar med ei hulkande brur og eit vondt brot.

Asle har for fyrste gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og syster hans, Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka, og dei byter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Nominasjonar og prisar til Septologien:

Det andre namnet:

Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019

Eg er ein annan:

Langlista til Dublin Literary Award 2021
Nominert til Kritikarprisen 2020

Eit nytt namn:

Langlista til Dublin Literary Award 2022
Kortlista til The international Booker Prize 2022
Finalist til National Book Award 2022
Kritikarprisen 2021
Brageprisen 2021

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Jon Fosse

Du likar kanskje desse

Sist sett på