Kampen om pokalen
Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas. I denne boka blir dei vikla inn i ein kvass strid med deira største rivallag: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen - men også om mykje meir!
Då eit par gutar frå Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Og med oppdaginga følgjer det uventa problem. Greier Stein og Storm å konsentrere seg om fotballspelet? Og vil Stein lykkast i å vinne hjartet til Femke, eller vil han aldri kunne bli noko anna enn vennen til veslebroren hennar?
Gerard van Gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball, og då han var liten drøymde han om å bli fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane.
Omsett av Anne Lande Peters
Les også:
Farleg spel
Utfinting
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO