Fugleguten
Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas. Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke. Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?
Rune Belsvik har skrive ei poetisk og sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene. «Fugleguten» er ei sår, men også håpefull forteljing. Illustrert av Sigbjørn Lilleeng.
Meldingar
«Eg gler meg til å lese denne boka for barnebarn. Det er ei klok forteljing. Og eg trur ho er viktig. Belsvik er ikkje så forsiktig når han fortel for barn. Han kan bruke sterke ord og sterke bilete. Språket er liketil, enkelt og korthogd. Det er så fint å lese ei bok for barn som også gjer inntrykk på den vaksne. Lilleengs illustrasjonar gir boka det lille ekstra.»
Emil Otto Syversen, Fædrelandsvennen
«Det unike med «Fugleguten» er hvilket nærvær Rune Belsvik skaper ved å ta oss med inn i Lukas. Han skriver så jeg blir sju-åtte år igjen: «No blir han kanskje redd snart. Kva skal han gjera då». Hvert kapittel er en hverdagsepisode som speiler livets mest eksistensielt sårbare periode. Det handler om den tiden da du begynner å innse at du bare har deg selv å stole på: «[H]an kan finna på noko forferdeleg gale. Plutseleg finn han berre på det. Og så gjer han det. Noko fælt som ikkje er lov i det heile tatt.»
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende
«Det er noen år siden Rune Belsvik sist kom med en barnebok. Jammen bra han er tilbake! (...) Alt dette vanskelige kan synes mindre vanskelig, det beskriver Belsvik så naturlig (...)»
Anne Cathrine Straume, NRK
«Å vente på ei ny barnebok av Rune Belsvik er som å vente på regn over molda om våren. Endeleg kan ein få drikke seg utørst i det reine, friske språket som sildrar og renn over sidene som kjeldevatn.»
Janne Karin Støylen, Dag og Tid
Rune Belsvik
Litterære prisar
BRAGEPRISEN 2000
I kategorien Barne- og ungdomsbøker for Ein naken gut Falturiltu-prisen 2008
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO