Last ned omslag

Bla-i-boka

God dag, herr Jul

Laura Djupvik | Åshild Irgens

Moderne juleforteljing

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord.

Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til.

Laura Djupvik har skrive ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.

Boka er illustrert av Åshild Irgens.

Frå Bokmeldingar

"Djupvik skriver godt (...) En fin roman for trente lesere i slukealderen, med en tydelig varmt og medmenneskelig bodskap."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Velskreven og original vri på juleevangeliet (…) Proffe Laura Djupvik har et vakkert og ganske stramt språk, i denne boka som både rommer et Roald Dahl-aktig mysterium, skilsmisseproblematikk og et modernisert julebudskap der engelen Gabriel har fått nissens rolle. (…) Åshild Irgens humoristisk fortellende blyanttegninger løfter boka."
Cathrine Krøger, Dagbladet

"Det er ei varm og god forteljing, som på ein triveleg måte seier ting rett ut, men som ikkje svarer på alle spørsmåla."
Hilde Thomassen, Nynorskbok.no

"Jula skal være litt mystisk. Det er forskjell på å skape mystikk og å tro at det oppstår spontant av temaet. Laura Djupviks God dag, herr Jul gjør det første, derfor utmerker den seg også blant årets utgivelser. Historien er fortalt med en fin, dempet humor og en varhet for noe hverdagslig mystisk, noe som aldri helt lar seg forklare."
Eirik Høyer Leivestad, Barnebokkritikk.no

"God dag, herr Jul er først og fremst en lun og varm julehistorie full av menneskekjærlighet og juleglede. Jeg ble både oppslukt, begeistret, varm og lykkelig. God dag, herr Jul er helt uimotståelig. Ei fantastisk feelgood-bok som passer for hele familien. Anbefales varmt!"
Kari Brenden-Bech, Bokbloggar

"Djupvik skriver sikkert og overbevisende om hvordan barn kan oppleve juletiden. Karakterene er lette å bli glad i, og hovedpersonen Malin er spesielt troverdig. (…) Djupvik leverer en vakker julefortelling som varmer alle kalde vinterhjerter."
Kjersti F. Ruud-­Salomonsen, Vårt Land

"Årets julebok er God dag, herr Jul av Laura Djupvik. (…) dette er ei framifrå juleforteljing. Undertonen er melankolsk, men her er òg mykje varme og lun humor. Boka er godt komponert, ikkje fleire personar enn naudsynt og med fine personskildringar. Det er Malin som fortel, og det gjer ho på truverdig vis. Dette er sanneleg ei frigjerande motvekt til alt det materialistiske juleståket! Og så herleg uhøgtideleg i stilen!"
Elis lesebabbel, Bokbloggar



Meir frå Laura Djupvik