{"title":"Bøker for vaksne","description":null,"products":[{"product_id":"selbuvotten-vakre-monster-fra-ein-norsk-strikketradisjon","title":"Selbuvotten: vakre mønster frå ein norsk strikketradisjon","description":"Populær tradisjonsstrikk . Endeleg kjem den første store boka om den vakre og tradisjonsrike selbuvotten! Selbuvotten har halde seg like populær i fleire tiår og blir strikka av stadig nye generasjonar. I denne boka får du vite alt du treng for å komme i gang med å strikke vottar i ulike mønster og fargar. Boka inneheld både kulturhistorisk stoff om dei kjende vottane og ei enkel innføring i strikketeknikken. Over 30 oppskrifter til ulike selbuvottar gir deg framgangsmåten trinn for trinn. Boka er illustrert med fargebilete og mønsterskjema.","brand":"Terri Shea","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736957120663,"sku":"9788252175226","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ALoBC9GswsFTljBcUSJQhDwQ1FGZBzZQ5amSanKu.jpg?v=1716509023"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2011","title":"Norsk litterær årbok 2011","description":"NLÅ 2011 oppsummerer litteraturåret 2010 og kommenterer litterære debattemne frå året som gjekk. Årboka inneheld også prøver frå forskingsfeltet. Ho inneheld artiklar om emne som biografi, bibliografi, litterær kvalitet i sakprosaen og digitale tekstar. Dessutan rommar ho lesingar av kjende tekstar og forfattarskap. Tarjei Vesaas. tekstar går igjen i fleire artiklar, men det er òg artiklar om forfattarskapen til ulike forfattarar som Sigurd Hoel, Hanne Ørstavik og Beate Grimsrud.   Heming Gujord er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Per Arne Michelsen er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning.","brand":"Heming Gujord","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736960004247,"sku":"9788252179415","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/JSFa30L8yN3EuZ0iuemjW2rUVICrz3zV0KvVG47f.jpg?v=1716510013"},{"product_id":"kvalitet-i-opplaeringa-arbeid-i-grunnskulen-observert-og-vurdert","title":"Kvalitet i opplæringa: arbeid i grunnskulen observert og vurdert","description":"Boka Kvalitet i opplæringa handlar om ulike sider ved arbeidet i skulen, slik det kjem fram i ei omfattande undersøking gjennomført av ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda. Undervisning er observert i eit uvanleg stort omfang. Foreldre, elevar, lærarar og skuleleiarar har teke del i ei omfattande spørjeundersøking. Boka gir eit breitt bilde av verksemda i skulen, av det elevar og lærarar held på med og av korleis dei ulike aktørane vurderer det som går føre seg på mange ulike område. Undervisninga i faga engelsk, matematikk og norsk får særleg merksemd. Forskingsarbeidet gir eit godt grunnlag for å få innsikt i kva skule går ut på. Resultata er sentrale for å vurdere kvalitetane ved skulen, og gir eit utgangspunkt for å diskutere kva som eventuelt bør gjerast for å skape den skulen vi gjerne ville ha. Undersøkinga viser at det er store variasjonar og ulikskapar både innom og mellom skular på dei områda som er undersøkte. Eit heilt sentralt resultat er den store vekta på elevaktive arbeidsformer. Dei gir spesielle utfordringar når det gjeld å meistre elevmangfaldet og gi ei god opplæring som høver for alle elevar. For å lukkast med det er læraren og lærarkompetansen særs viktig. Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen. Professor Peder Haug har leia undersøkinga og redigert boka.","brand":"Peder Haug","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736960594071,"sku":"9788252180541","price":389.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/1YyYlYhlYkVvkksRNhPzlhwLp4jsOlqb4re1swXt.jpg?v=1716510282"},{"product_id":"m-train","title":"M train","description":"Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. \n \nHo inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. \n \nM Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto. \n \nTil norsk ved Brit Bildøen. ","brand":"Patti Smith","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36736990380183,"sku":"9788252189087","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DGd6zwrve4cCpzHCipnX9cOzzzQVI41nu72L0Xks.jpg?v=1716512443"},{"product_id":"sosial-rettferd-fattigdom-og-rikdom-i-det-moderne-noreg","title":"Sosial rettferd: fattigdom og rikdom i det moderne Noreg","description":"Kva er sosial rettferd, og kva betyr det i det norske samfunnet i dag? Forfattaren viser korleis ulike tenkjarar til ulike tider har definert rettferdsomgrepet, og han gjer greie for ulike prinsipp for fordeling av gode og bører i samfunnet, som t.d. fordeling etter rettar, fordeling etter forteneste og fordeling etter behov. Fleire sider ved økonomisk-materiell ulikskap i Noreg i dag blir også drøfta og relatert til omgrepet sosial rettferd. Boka rettar seg til alle som er interesserte i velferd og fordelingspolitikk.","brand":"Kjell Underlid","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36736999129239,"sku":"9788252173536","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nifoCcCKogNBhHAnsHZYQeebenSvmMM72JK1lZtW.jpg?v=1716508557"},{"product_id":"livet-til-det-betre-mathilde-yann-billie-tre-portrett","title":"Livet, til det betre: Mathilde, Yann, Billie: tre portrett","description":"Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Frå fransk ved Tove Bakke.","brand":"Anna Gavalda","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737012695191,"sku":"9788252187151","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QeTYDBHGei5azZxzhFFiypMV9Sim4BfECq3qtI6E.jpg?v=1716512014"},{"product_id":"den-sjuande-bronnen-roman","title":"Den sjuande brønnen: roman","description":"Forfattaren blei under 2. verdskrig arrestert og deportert til Auschwitz. I denne boka har han skreve portrett av medfangar. Du kan blant anna lese om jazzgjøglaren Pechman, den døyande bonden Meir Bernstein og om fangevoktaren Tadeusz.","brand":"Fred Wander","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737013842071,"sku":"9788252175127","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6Hqf19wESwZ282pKImxiY8l1qurqfCzMgFybu8Nw.jpg?v=1716508997"},{"product_id":"full-fart-i-fortifem-idebok-til-fysiske-aktivitetar","title":"Full fart i førtifem!: idébok til fysiske aktivitetar","description":"Praktisk idébok med forslag til ulike timeopplegg i kroppsøving. Aktivitetane krev lite utstyr og er lette å organisere. Dei kan tilpassast store eller små grupper, og gjennomførast på store eller små område. Boka inneheld alternative aktivitetar, som ein ved ulike organiseringsmåtar kan differensiere etter kvar elev sine føresetnader. Boka er i første rekkje retta mot studentar som har kroppsøving og fysisk aktivitet som fag i utdanninga og mot lærarar og andre som arbeider med tilrettelegging av fysiske aktivitetar i grunnskolen og i barneidretten.","brand":"Kari Aaberge","offers":[{"title":"Spiralbunden","offer_id":36737014530199,"sku":"9788252157413","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/eblZ4bu8p9fFkvP1d2qVZhwCw4e0tKNz1RzP1VAi.jpg?v=1716502594"},{"product_id":"nyryddinga","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019314327,"sku":"9788234004292","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qc6r1PhQoQEMlX7nihTLblJOA7FrDqSoSmRV8VAP.jpg?v=1716488777"},{"product_id":"septologien-iii-v-eg-er-ein-annan-2","title":"Eg er ein annan","description":"Andre bok i «Septologien»\n\nKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.\n\nMedan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.\n\nI andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.\n\n«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.\n\nNominasjonar og prisar til Septologien:\n\nDet andre namnet:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2020\nLanglista til The International Booker Prize 2020\nNominert til Kritikarprisen 2019\nNominert til Brageprisen 2019\nNominert til Stadsteaterns Internationella pris\nNynorsk litteraturpris 2019\n\nEg er ein annan:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2021\nNominert til Kritikarprisen 2020\n\nEit nytt namn:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2022\nKortlista til The international Booker Prize 2022\nFinalist til National Book Award 2022\nKritikarprisen 2021\nBrageprisen 2021","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737020493975,"sku":"9788234004728","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OsaU1swfx72RqZJMg7NANJJaCXIs7EFUXlBLk4Qv.jpg?v=1716515824"},{"product_id":"no-faer-huset-1","title":"No fær huset: forteljingar","description":"Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n No fær huset er ei novellesamling om lengt, der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Det handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv. \u003cbr\u003e\n  \u003cbr\u003e\n Djupvik set ord på kor sårbart livet kan vere, og syner fram at vi alle har ulike utfordringar. Derfor treng ingen av oss å skamme seg.","brand":"Laura Djupvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737023803543,"sku":"9788234002748","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/aGkS4eDaRYHRMz1faskMiW9H9XIgGg37UC45cfeZ.jpg?v=1716488318"},{"product_id":"livvakt-pa-innsida-av-politiets-sikkerheitsteneste-pst-1","title":"Livvakt: på innsida av PST","description":"Med pistolen klar.  \n \nEnkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. \n  \nVi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?  \n  \nHistoria til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.","brand":"Simon Frammarsvik Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737026424983,"sku":"9788234000720","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LnNlQhf97ceWJ4KQtt7TzZY7SM6QVy8tJdg34na7.jpg?v=1716487672"},{"product_id":"lars-berg-rikspornograf-og-kulturforkjempar","title":"Lars Berg: rikspornograf og kulturforkjempar","description":"Dristige bøker frå radikal kulturprofil. \nLars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel. \n \nLars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.","brand":"Jan Olav Gatland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737028489367,"sku":"9788234002861","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Dje5lH2TsGpyTdM9BhG6qFWleY5fYhZxNHORKZ67.jpg?v=1716488335"},{"product_id":"ingen-er-sa-trygg-i-fare","title":"Ingen er så trygg i fare","description":"Vår nære historie er bakteppe for hovudpersonen Kapos forteljing. I eit fritt framhald av romanen Mars frå 1998, får Kapo no omsorg for den etterlatne arvingen etter det styrta Babel-konsernet. For Kapo blir dette byrjinga på eit nytt liv, og han kjenner behov for å finne ut meir om sin eigen familie. Med ei mor som opplevde evakueringa av Finnmark etter andre verdskrigen, og ein russisk soldat som mogleg far, betyr denne jakta på opphavet eit djupt dykk ned i norsk og russisk etterkrigshistorie.","brand":"Jørgen Norheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737034223767,"sku":"9788234004131","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/26GsXc3E8n0qQz0DJYosTgtoHaXsc76r682WQWwK.jpg?v=1716488719"},{"product_id":"jon-fosse-poet-pa-guds-jord-1","title":"Jon Fosse: poet på Guds jord","description":"Biografien er basert på ei rekkje samtalar med Jon Fosse om liv, kunst og dikting. Her kjem vi nærare innpå forfattaren, og høyrer om alt frå oppvekst med gitar og danseband i bygda Strandebarm i Hordaland, cocktailparty i Paris, 12-åringens hemmelege skriverom, til dei store teaterscenene i Europa. Vi får høre om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, om forlagsrefusjonar og kritikarhyllest, og om ein mann som meiner han først og fremst er ein poet på Guds jord.","brand":"Cecilie N. Seiness","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035239575,"sku":"9788234004063","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qNGOpTYZFGmNkJKkKz8tdtGEi8Z8jievUcsVdWSo.jpg?v=1716488696"},{"product_id":"new-york-trilogien","title":"New York-trilogien","description":"Auster fekk sit store gjennombrot som forfattar med dei tre kortromanane som er samla her. Dei dreier seg alle om detektivarbeide og menneske som er bortkomne. Ramma for dei labyrintiske forteljingane er lagt til New York, og nokre av personane dukkar opp i fleire av historiane. Boka er eit godt døme på metafiksjon.","brand":"Paul Auster","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737040646295,"sku":"9788252142969","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"innestengt-i-udyr","title":"Innestengt i udyr","description":"Romanen forteller bl.a. om to svært ulike figurer; Griseline fra Fabuland og Guru fra Legoland. Russetid og studieliv i Bergen utgjør rammehistorien. I boka skildres jeg-personens problematiske forhold til mat, menneskenes angst for hverandre og forakten for de svake. Jenteerfaringer blir formidlet på en gjenkjennelig måte og selv om mye er trist, finnes det håp om en endring til det bedre. Dette er forfatterens debutbok.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737041825943,"sku":"9788252176995","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"utanfor-sesongen-1","title":"Utanfor sesongen","description":"Venge drar for å spore opp den forsvunne kona si. Det skjønar han snart at han ikkje burde gjort. Snart har han berre seg sjølv å lite på, og han er klar over at han er ein tvers gjennom upålitelig person.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043792023,"sku":"9788252176773","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"paradis-1","title":"Paradis","description":"Etter et år i fengsel dukkar Roger opp hos den platinablonde Gloria. Han har ein dom for mord bak seg. Gloria meiner at det berre er skulejenter som vert imponert av slikt. Likevel lar ho han låne faren sin bil, og dagen etter er dei på full fart gjennom ferjekøar og langs fjordsider...","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045332119,"sku":"9788252176780","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"varselet-roman-1","title":"Varselet: roman","description":"Denne høsten har Langfyrkja blitt sett flere ganger i fjellbygda. Det mennesket som gjemmer seg bak hvite laken og plakater som varsler ulykke, skremmer både barn og voksne. En mann blir funnet død i et fiskevatn, og det viser seg senere at det ikke er snakk om en vanlig drukningsulykke. Dette er første roman med Kripos-etterforskeren Mons Strand.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045627031,"sku":"9788252176629","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nyryddinga-roman-3","title":"Nyryddinga: roman","description":"Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046118551,"sku":"9788252176964","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"brakk-roman-3","title":"Brakk: roman","description":"Geir er nitten år og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på Geir. Geir må til slutt konfrontere seg sjølv med eit val som for han er eksistensielt: Skal han levere alle dyra og avvikle drifta, eller skal han berre levere dei slakteferdige og halde fram? Brakk er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga (2003).","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046315159,"sku":"9788252176971","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"vi-har-sa-korte-armar-1","title":"Vi har så korte armar","description":"I Skoddeheimen er det godt å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin \"bondske\" oppvekst.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046380695,"sku":"9788252177008","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"fa-meg-pa-for-faen-1","title":"Få meg på, for faen","description":"Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046511767,"sku":"9788252177015","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorskordboka-bokmalsordboka-1","title":"Nynorskordboka ; Bokmålsordboka","description":null,"brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Produkt som inneheld fleire enkeltprodukt","offer_id":36737048019095,"sku":"9788252127799","price":900.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorskordboka-bokmalsordboka","title":"Nynorskordboka ; Bokmålsordboka","description":null,"brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Produkt som inneheld fleire enkeltprodukt","offer_id":36737048182935,"sku":"9788252141955","price":1034.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"med-andre-ord-den-store-synonymordboka-med-omsetjingar-til-nynorsk-2","title":"Med andre ord: den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk","description":"Ordboka inneheld over 13000 oppslagsord med forklaringar og døme på korleis dei blir brukte i samanhengen og over 18000 bokmålsuttrykk og sitat frå presse, litteratur, administrasjonsspråk og rettspraksis. Den har også krysstilvisingar og ordliste over nyare engelske lån- og moteord.","brand":"Magne Rommetveit","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737048674455,"sku":"9788250811225","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"med-andre-ord-den-store-synonymordboka-med-omsetjingar-til-nynorsk-1","title":"Med andre ord: den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk","description":"Ordboka inneheld over 13000 oppslagsord med forklaringar og døme på korleis dei blir brukte i samanhengen og over 18000 bokmålsuttrykk og sitat frå presse, litteratur, administrasjonsspråk og rettspraksis. Den har også krysstilvisingar og ordliste over nyare engelske lån- og moteord.","brand":"Magne Rommetveit","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737049067671,"sku":"9788252151633","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-humor-1","title":"Norsk humor","description":"Her presenterer 57 norske forfattarar humoristiske høgdepunkt frå skjønnlitteratur, humorbøker og dagspresse frå 1700-talet og fram til 1995. Med biografiar, kjelderegister m.m.","brand":"Herbjørn Sørebø","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737049264279,"sku":"9788252140880","price":350.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kristianiabohemen-byen-miljoet-menneska-1","title":"Kristianiabohemen: byen, miljøet, menneska","description":"Eit kulturhistorisk verk der forfattaren skildrar og drøftar mange emne som er like aktuelle i dag som på 1800-talet: alkoholisme, diktarrolla, utopiske draumar, skandalar, psykopati og sjølvmord. Både kjende og mindre kjende bohemar blir skildra og stor plass blir gitt til ein av dei få legendariske kvinnefigurane i norsk kulturhistorie: Oda Krohg. Boka er og ein biografi om Hans Jæger og skildrar trekantforholdet mellom Oda Krohg, Hans Jæger og Christian Krohg. Med kjelder og personregister. Illustrert.","brand":"Halvor Fosli","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737051230359,"sku":"9788252147247","price":234.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kristianiabohemen-byen-miljoet-menneska","title":"Kristianiabohemen: byen, miljøet, menneska","description":"Eit kulturhistorisk verk der forfattaren skildrar og drøftar mange emne som er like aktuelle i dag som på 1800-talet: alkoholisme, diktarrolla, utopiske draumar, skandalar, psykopati og sjølvmord. Både kjende og mindre kjende bohemer blir skildra og stor plass blir gitt til ein av dei få legendariske kvinnefigurane i norsk kulturhistorie: Oda Krohg. Boka er og ei biografi om Hans Jæger og skildrar trekantforholdet mellom Oda Krohg, Hans Jæger og Christian Krogh. Med kjelder og personregister. Illustrert.","brand":"Halvor Fosli","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737051361431,"sku":"9788252141610","price":400.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-ordliste-med-stor-skrift","title":"Nynorsk ordliste med stor skrift","description":null,"brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737053917335,"sku":"9788252117943","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nynorsk-ordliste-normal-utg","title":"Nynorsk ordliste: normal utg","description":null,"brand":"Alf Hellevik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737054179479,"sku":"9788252109894","price":27.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"roman-1","title":"Roman","description":null,"brand":"Arnfinn Kolerud","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737055064215,"sku":"9788252156201","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"roman","title":"Roman","description":null,"brand":"Dag Helleve","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737055359127,"sku":"9788252157048","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"fedra-1","title":"Fedra","description":null,"brand":"Jean Racine","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737055686807,"sku":"9788252116113","price":29.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"ein-blomstervang-for-din-fot-norske-kjaerleiksdikt-1","title":"Ein blomstervang for din fot: norske kjærleiksdikt","description":null,"brand":"Halldis Moren Vesaas","offers":[{"title":"Produkt som inneheld fleire enkeltprodukt","offer_id":36737056768151,"sku":"9788252149654","price":305.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"ord-pa-nye-spor-innforing-i-prosessorientert-skrivepedagogikk","title":"Ord på nye spor: innføring i prosessorientert skrivepedagogikk","description":"hghghghg","brand":"Olga Dysthe","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737059127447,"sku":"9788252130072","price":194.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"media-i-samfunnet-4","title":"Media i samfunnet","description":null,"brand":"Ture Schwebs","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737059815575,"sku":"9788252130362","price":246.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"media-i-samfunnet-2","title":"Media i samfunnet","description":"Grunnleggjande innføringsbok i medievitskap. Med utgangspunkt i definisjonar av kommunikasjon og medium drøftar forfattarane sentrale kjenneteikn ved nye og ?gamle? medium. I tillegg presenterer boka generelle teoriar og metodar for studiet av medium og medieinnhald. Boka dekkjer heile feltet og skildrar viktige trendar i dagens medielandskap, som mediekonvergens, sosiale medium og globalisering.","brand":"Ture Schwebs","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737060536471,"sku":"9788252183351","price":420.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hUjjbTQPbYxSrIM4QpQGe1GHKhjpv8fN0095xz1j.jpg?v=1716510955"},{"product_id":"melancholia","title":"Melancholia","description":"Bøkenes hovedperson er Lars Hertevig (1830-1902). I den første boken gir Fosse en fremstilling av hvordan Hertevig kunne tenkes å ha det den dagen han som kunststudent i Dusseldorf, blir kastet ut av studenthybelen sin, og da han rømmer fra Gaustad asyl etter å ha blitt erklært gal. I den andre boken møter vi ham igjen. Gjennom det skrøpelige minnet til hans syke søster, opplever vi episoder fra hans liv.","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737060733079,"sku":"9788252174984","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"greatest-hits-vol-2-the-golden-years","title":"Greatest hits vol 2: the golden years","description":"Harry: Under mottoet \"Ung, stolt og harry\" gir forfattaren ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Bibelen 2: Her får du heile historia om det som skjedde etter at Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, fortald av dei som møtte han, dei som påstod at dei møtte han, dei som følgde han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som rådgivarane hans. I tillegg inneheld boka alle tekstane frå andre bøker, aviser, blad, radio og tv.","brand":"Are Kalvø","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737062731927,"sku":"9788252164596","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kommunal-forvaltning-og-planlegging-1","title":"Kommunal forvaltning og planlegging","description":"Boka er ei grunnbok for høgare utdanningstilbod i offentleg administrasjon og planlegging, og samstundes ei handbok for praktikarar i lokalpolitikk og administrasjon. Bak i boka finn du referansar, samt eit sakregister og eit referanseregister.","brand":"Oddbjørn Bukve","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737064992919,"sku":"9788252140446","price":340.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kommunal-forvaltning-og-planlegging","title":"Kommunal forvaltning og planlegging","description":null,"brand":"Oddbjørn Bukve","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737065287831,"sku":"9788252133745","price":286.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norron-mytologi-tru-og-mytar-i-vikingetida-1","title":"Norrøn mytologi: tru og mytar i vikingetida","description":null,"brand":"Anne Holtsmark","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737068728471,"sku":"9788252133448","price":330.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-8","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070104727,"sku":"9788252130430","price":352.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-7","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070432407,"sku":"9788252137958","price":367.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-6","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":null,"brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737070858391,"sku":"9788252142839","price":391.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"norsk-medisinsk-ordbok-5","title":"Norsk medisinsk ordbok","description":"Boka er til bruk for dei fleste personellgruppene i helsetenesta. Stoffet er først og fremst ord og omgrep frå medisin. For grunnfag, er det lagt mest vekt på biologisk tilfang. Har ord og uttrykk frå vanleg medisinsk arbeid, definisjonar, forklaringar og etymologiske opplysningar.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737071022231,"sku":"9788252147841","price":395.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"medisinsk-lommeordbok-1","title":"Medisinsk lommeordbok","description":"Boka er eit utdrag av \"Norsk medisinsk ordbok\" av samme forfattar, og inneheld eit utval som høver for helsearbeidarar, studentar og elevar. Har 7000 oppslagsord.","brand":"Audun Øyri","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737071284375,"sku":"9788252144536","price":189.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/boker-for-vaksne.oembed?page=66","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}