Etikk for barnehagelærarar

Birte Simonsen |
E-bøker | Sidetal: 94 | ISBN: 9788234002427

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price209 kr
Kva verdiar er barnehagekvardagen tufta på? Kva er eigentleg til barnas beste? Korleis prioritere tidsbruken i barnehagen?

Dette er nokre av dei etiske utfordringane som blir drøfta i Etikk for barnehagelærarar. Forfattaren drøftar situasjonar ein barnehagelærar kan kome ut for, og kva typiske etiske dilemma ein kan møte. Tema som blir behandla er mellom anna profesjonell integritet, tilhøvet mellom dei ulike yrkesgruppene i barnehagen, barns rett til medverking og rettferd i fordeling av tid. Etiske omgrep og teoriar blir forklart og drøfta med utgangspunkt i eksempel frå barnehagekvardagen.

Boka legg vekt på å veksle mellom praktiske situasjonar og gjennomgang av teoretisk stoff. Innleiinga i boka er ein gjennomgang av relevante etiske omgrep for barnehagelærarprofesjonen, etisk medvit i kvardagen og ein gjennomgang av eit utval etiske teoriar og den profesjonsetiske plattforma.

Birte Simonsen (f.1948) er pensjonert lærerutdanner ved Universitetet i Agder. Ho har vært leiar av og undervist i pedagogikk og spesialpedagogikk i barnehagelærar- og lærarutdanning. Ho har leia det etiske rådet til lærarprofesjonen og vore med i den nasjonale fylgjegruppa for barnehagelærarutdanning.

Birte Simonsen

Du likar kanskje desse

Sist sett på