Det andre namnet: roman

Jon Fosse |
Hefta | Sidetal: 513 | ISBN: 9788234002199

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Fyrste bok i storverk frå Jon Fosse

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.

Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feira jul med syster si. Asle vert alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for fyrste gong verta med på julefeiring hos systera.

Livet til dei to Aslane vert fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette fyrste bandet av «Septologien» handlar tilbakeblikka om barndomen. Det handlar om Asle og systera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som vart borte på sjøen.

«Septologien» er ei suggererande og storslegen forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, venskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Nominasjonar og prisar til Septologien:

Det andre namnet:

Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019

Eg er ein annan:

Langlista til D

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Jon Fosse

Du likar kanskje desse

Sist sett på