Tonje Glimmerdal
Ei perle av ei bok frå ung forfattar . Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel! Her er latter, drama, tårer og musikk.
Meldingar
Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho Brageprisen for Oskar og eg. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.
Fleire foto av Julia Marie Naglestad:
Litterære prisar
Sultprisen
Sultprisen 2018
Nynorsk barnelitteraturpris 2017
For Keeperen og havet
Brageprisen 2017
For Keeperen og havet
Sigmund Skard-prisen 2013
Årets nynorskbrukar
Årets nynorskbrukar i 2010
Rasmus Løland-stipendet
Rasmus Løland-stipendet for 2010
Guro Sandsdalens litteraturpris
For Tonje Glimmerdal
LUCHS pris 2010, Die Zeit
For Tonje Glimmerdal
Melsomprisen 2010
For Tonje Glimmerdal
Kritikarprisen
For beste barnebok, Tonje Glimmerdal
Brageprisen 2009
For Tonje Glimmerdal
Ole Vig-prisen
For Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal
Nynorsk barnelitteraturpris 2009
For Tonje Glimmerdal
Teskjekjerringprisen
Teskjekjerringprisen for 2009
Alfred Andersson-Ryssts fond
For Vaffelhjarte
Nynorsk barnelitteraturpris
For Vaffelhjarte
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO