Last ned omslag

Bla-i-boka

Kva er GREIA med alle dei NAKNE folka i KUNSTEN?

Susie Hodge | Øystein Rosse

Alt barna vil vite om kunst!

Med ein leiken, avslappa tone vil denne introduksjonen til kunsthistorie oppmuntre mange barn til å besøkje museum med meir sjølvtillit. Boka er engasjerande og informativ og spør kva som gjer kunst til kunst. Kva er det med all den frukta? Kvifor er kunst så rar no for tida?

I boka er det spørsmål om korleis verda ser ut gjennom kunsten, frå bergkunst til kubisme, frå renessanse til samtidskunst. Det er spørsmål om ulike sjangrar, som stilleben, landskapskunst og portrett, og spørsmål om kunstens rolle og verdi – før og no. Boka tek oss gjennom kunsthistoria på ein original måte og gir også barn og unge verktøy til å stille spørsmål, leite etter svar og ”lese” kunst sjølve.

Omsett av Øystein Rosse.

Frå Bokmeldingar

Susie Hodge er ein god formidlar som greier å finne folkelege innfallsvinklar til dei ulike emna ho vil trekkje fram.
Marianne Lystrup, Vårt Land


ISBN: 9788252193411

Kategoriar: Alle bøker, Barne- og ungdomsbøker, Susie Hodge

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Faktabøker



Meir frå Susie Hodge