Last ned omslag

Bla-i-boka

Fugleguten

Rune Belsvik

Sårt, men håpefullt om å finne sin plass i verda

Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas.
Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke. Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?

Rune Belsvik har skrive ei poetisk og sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene. Fugleguten er ei sår, men også håpefull forteljing.

Illustrert av Sigbjørn Lilleeng.

Frå Bokmeldingar

Eg gler meg til å lese denne boka for barnebarn. Det er ei klok forteljing. Og eg trur ho er viktig. Belsvik er ikkje så forsiktig når han fortel for barn. Han kan bruke sterke ord og sterke bilete. Språket er liketil, enkelt og korthogd. Det er så fint å lese ei bok for barn som også gjer inntrykk på den vaksne. Lilleengs illustrasjonar gir boka det lille ekstra.
Emil Otto Syversen, Fædrelandsvennen

Terning 5 Det unike med «Fugleguten» er hvilket nærvær Rune Belsvik skaper ved å ta oss med inn i Lukas. Han skriver så jeg blir sju-åtte år igjen: «No blir han kanskje redd snart. Kva skal han gjera då». Hvert kapittel er en hverdagsepisode som speiler livets mest eksistensielt sårbare periode. Det handler om den tiden da du begynner å innse at du bare har deg selv å stole på: «[H]an kan finna på noko forferdeleg gale. Plutseleg finn han berre på det. Og så gjer han det. Noko fælt som ikkje er lov i det heile tatt.
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende

«Det er noen år siden Rune Belsvik sist kom med en barnebok. Jammen bra han er tilbake! (...) Alt dette vanskelige kan synes mindre vanskelig, det beskriver Belsvik så naturlig (...)»
Anne Cathrine Straume, NRK



Meir frå Rune Belsvik