Den løyndomsfulle hagen

Frances Hodgson Burnett |
E-bøker | Sidetal: 236 | ISBN: 9788252191400

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Mary er ei engelsk jente som har budd i India, men som har mista begge foreldra. Derfor er ho flytta til onkelen sin i Yorkshire, England. Onkelen er grev Craven og bur på ein stor, gammal herregard. Mary er eit vanskeleg barn, ho er bortskjemd og van med å herse med dei indiske tenarane sine. Den nye heimen har over hundre rom som skjuler så mange løyndommar, at Mary reint gløymer å vere sur og tverr. Kven er det som græt ein stad i det store huset om natta? Kva finst bak den grøne døra i hagemuren, og kvifor har onkelen hennar grave ned nøkkelen? Mary bestemmer seg for å finne ut av dette ...

Frances Hodgson Burnett (1849-1924) skreiv både romanar og skodespel, men er særleg kjend for barnebøkene Lille Lord Fauntleroy og Den løyndomsfulle hagen. Millionar av barn verda over har lese bøkene hennar.
Boka er omsett av Inger Hagerup.

Du likar kanskje desse

Sist sett på