Dei hemmelege superheltane

Sylvia Heinlein |
Sabine Wiemers (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 42 | ISBN: 9788252181012

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Superheltar finst berre i teikneseriar. Eller?

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er « Dei beste», og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og med eitt står superheltane framfor dei i levande live.

Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå.

Leseland. Nivå 4.

Omsett av Ola Skogseide, Språkfolk.

Bla-i-boka

Sylvia Heinlein

Du likar kanskje desse

Sist sett på