Ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd

Ida Eva Neverdahl |
Ida Eva Neverdahl (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 171 | ISBN: 9788234003547

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Norrøn mytologi i 2020-drakt

Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redde verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok!

Bli med inn i det fantasifulle vikinguniverset til Ida Eva Neverdahl. I teikneserieromanen «Floke» blandar ho norrøn mytologi, action og fantasidyr med trekk frå norske eventyr og ein god dose absurd humor. Dette er bok ein av to i Neverdahls nye serieprosjekt.

"Floke" er laga i samarbeid med Norsk Barneblad.

Sitat frå melding

Ida Eva Neverdahl

Du likar kanskje desse

Sist sett på