De doctrina christiana

Aurelius Augustinus |
Hefta | ISBN: 9788252151732

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price350 kr
Augustins kristne retorikk for første gong omsett til eit nordisk språk. I fire tekstar skisserer Augustin (354-430 e.Kr.) korleis ein skal lese, tolke og forkynne den kristne bodskapen.

I denne boka skisserer Augustin ein ny retorikk til avløysing av den klassiske retorikken. Ut frå dei gamle tekstvitskapane drøftar han ein metode for lesing, tolking og forkynning av den bibelske bodskapen. Skriftet fekk avgjerande innverknad på kva som vart overlevert av den klassiske litteraturen.

Augustin (354-430) var nordafrikanar og voks opp i eit fleirkulturelt samfunn av berberar, fønikiske innvandrarar og romerske erobrarar. Han levde i ei overgangstid med heile den klassiske danninga som bakgrunn, og underviste i retorikk i Kartago, Roma og Milano. Da han vart kristen, vende han heim att til Afrika der han seinare vart biskop. Han døydde mens heimbyen var kringsett av vandalar frå Nord-Europa.

Dette er første gongen De doctrina christiania kjem på eit nordisk språk.

Omsett og med innleiing av Hermund Slaattelid.

Du likar kanskje desse

Sist sett på