{"title":"Astrid Sverresdotter Dypvik","description":"\u003cp\u003e\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\u003cspan\u003e\u003cstrong\u003eAstrid Sverresdotter Dypvik\u003c\/strong\u003e (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"det-var-ddr-forteljingar-om-eit-nedlagt-land","title":"Det var DDR: forteljingar om eit nedlagt land","description":"3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter DDR. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR. Med nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36739698458775,"sku":"9788252182996","price":149.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/0J2ZlfWJNbPChjkEPr5nabCgXuU4Q2hLkuyDfjxv.jpg?v=1716510881"},{"product_id":"det-var-ddr-forteljingar-om-eit-nedlagt-land-2","title":"Det var DDR: forteljingar om eit nedlagt land","description":"3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Det var slutten for statssosialisme, Berlinmuren og Stasi, men også for eit samfunn utan arbeidsløyse. Denne boka byr på forteljingar om det som er att etter DDR i dag. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740644569239,"sku":"9788252183030","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ZvSG6slUeF1dMJsplVxDNgEUPwi5gfcfGceTF9fI.jpg?v=1716510897"},{"product_id":"berlinhistorier-kald-krig-i-den-delte-byen","title":"Berlinhistorier: kald krig i den delte byen","description":"I skvis mellom to supermakter. \n \nI 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland. Berlin blei liggjande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989.  \n \nJournalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side.  \n \nVi møter blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret, og vi råkøyrer med Werner Stiller, i dag Peter Fischer, eks-Stasi-agent som ei tid var mellom dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske.  ","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36741210701975,"sku":"9788252192384","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/c2X8PrYkoSPsBmLiTYsZ272ANW2qnRNtG3MYVZyX.jpg?v=1716513127"},{"product_id":"det-var-ddr-forteljingar-om-eit-nedlagt-land-4","title":"Det var DDR: forteljingar om eit nedlagt land","description":"3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Denne boka byr på forteljingar om det som vart att etter DDR. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR.  \n \nMed nærgåande portrett teiknar Astrid S. Dypvik eit levande bilete av republikken og korleis han gjekk i oppløysing hausten 1989.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36741698846871,"sku":"9788252195422","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Le7ZAYBCsJsNkujKaPgtifPPAsbgxPtDnlibdOZk.jpg?v=1716513920"},{"product_id":"berlinhistorier-kald-krig-i-den-delte-byen-1","title":"Berlinhistorier: kald krig i den delte byen","description":"I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to. Berlin blei liggande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei den 45 kilometer lange Berlinmuren bygd. Berlin var ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989. \n \nJournalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då byen låg i skvis mellom supermaktene. Vi møter blant andre Hartmut Richter som i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og blei seinare flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret. Vi råkøyrer med tidlegare Stasi-agent Werner Stiller, i dag Peter Fischer, som ei tid var blant dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. \n \nAstrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er tilsett i Nationen, men har tidlegare arbeidd både i Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. \n \nI 2013 fekk Dypvik glitrande kritikkar for Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land. Boka blei også nominer til Kritikarprisen.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36745255682199,"sku":"9788252192391","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jVgc43PsSrFL4Wxnotz9TviayNaq0PR4KDifZKvF.jpg?v=1716513119"},{"product_id":"det-morke-tyskland","title":"Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar","description":"Djup politisk polarisering i Tyskland. \n  \nI 2020 slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er det største trugsmålet mot tryggleiken i landet. Europas mest folkerike stat opplever djup politisk polarisering i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, då Tyskland tok imot ein million syriske flyktningar. 2015 var også startåret for partiet AfDs framgang. AfD er høgrepopulistisk, islamfiendtleg og delvis høgreekstremt. For første gong sidan krigen har eit ytre-høgre parti plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 vart den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke brutalt drepen av høgreekstreme.  \n  \nKva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I Det mørke Tyskland tek Astrid Sverresdotter Dypvik lesaren med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Lesaren møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er det største partiet, på konservative møte i dei fasjonable delane av Vest-Berlin og på politiske vekkingsmøte der den omstridde politikaren Björn Höcke møter sin tilhengarskare.  \n  \nDet mørke Tyskland er ei forteljing om politisk polarisering, internettradikalisering, om skrikande sosiale forskjellar, men også om politisk mot.  \n  \nAstrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":38258621481111,"sku":"9788234004360","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/CuKZM3s1Ov3QKeorz2Z3YTfrZH73grOxJ7iS3BRP.jpg?v=1716488799"},{"product_id":"det-morke-tyskland-1","title":"Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar","description":"Djup politisk polarisering i Tyskland. I 2020 slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er det største trugsmålet mot tryggleiken i landet. Europas mest folkerike stat opplever djup politisk polarisering i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, då Tyskland tok imot ein million syriske flyktningar. 2015 var også startåret for partiet AfDs framgang. AfD er høgrepopulistisk, islamfiendtleg og delvis høgreekstremt. For første gong sidan krigen har eit ytre-høgre parti plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 vart den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke brutalt drepen av høgreekstreme. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I Det mørke Tyskland tek Astrid Sverresdotter Dypvik lesaren med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Lesaren møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er det største partiet, på konservative møte i dei fasjonable delane av Vest-Berlin og på politiske vekkingsmøte der den omstridde politikaren Björn Höcke møter sin tilhengarskare. Det mørke Tyskland er ei forteljing om politisk polarisering, internettradikalisering, om skrikande sosiale forskjellar, men også om politisk mot. Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":38258621644951,"sku":"9788234004353","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/kBhY6Z8GUOAgfDDQWfu4qyADVSRlEPYF4LMY0xIY.jpg?v=1716488795"},{"product_id":"syn-og-segn-3-21","title":"Syn og segn. Hefte 3-2021: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":null,"brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":38938322206871,"sku":"9788234006418","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/UseV2Yh2ALMPiYc8qo6mmhbdk9qN6xhgzHHpsqwo.jpg?v=1716489472"},{"product_id":"syn-og-segn-1-21","title":"Syn og segn. Hefte 1-2021: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Syn og Segn 1\/2021 er ute. Denne gongen med eit temanummer om norske tabu.  \nLars-Henrik Paarup Michelsen skriv om det han kallar dei tre store tabua i den norske klimapolitikken. Dette er dei debattane norske politikarar ikkje vågar å ta av frykt for å skape dårleg stemning.  Michelsen skriv at alvoret i klimaendringane er underkommunisert, at debatten om når norsk oljeproduksjon skal ta slutt blir latterleggjort og at diskusjonen om dei livsstilsendringane nordmenn må gjere for at landet skal kunne nå klimamåla i Paris-avtalen blir stempla som moralisering.  \nFilosofen og omsetjaren Lars Holm-Hansen skriv om kvifor han har bestemt seg for å omsetje Martin Heideggers svarte hefte til norsk gi dei ut på sitt eige forlag Existenz. Dei svarte hefta er Heideggers notathefte frå åra 1931-1959. I desse hefta trer samanhengen mellom Heideggers filosofi, hans  nasjonalsosialisme og hans antisemittiske haldningar fram. \nDen tyske journalisten Alva Gehrmann skrive om Norden for tysk presse gjennom meir enn ti år. I Syn og Segn fortel ho om dei tabua ho har observert i dei ulike nordiske landa. Gehrmann skildrar også korleis ho, i selskap med forfattaren Morten Strøksnes ombord i ein bitteliten båt på Vestfjorden, lærte på den harde måten kvifor det er eit tabu å ikkje ta den norske naturen på alvor.  \nSyn og Segn 1\/2021 er den første utgåva med Astrid Sverresdotter Dypvik som redaktør.   \nKristina Leganger Iversen er blitt Syn og Segns huspoet og skal skrive eit nytt dikt til kvar utgjeving. Leganger debuterer som huspoet med diktet «Eg visste kva eg gjorde». \nElles inneheld bladet ein tekst der forfattaren Guri Idsø Viken går inn i den brennbare debatten om historiske fakta i fiksjonsfilm som seinast feide inn over landet i samband med serien  «Atlantic Crossing». Viken slår eit slag for det som ikkje er sant og skriv om kvifor og på kva måte sanning kan vere meir enn verkelegheita.  \nFilosofen Jon Hellesnes skriv om kvifor han ikkje ser nokon grunn til å gle seg ove","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":38938322272407,"sku":"9788234006395","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/L1MFZHcOz836T3bhbNHTHjd1m9VcpJ1nRIU7ndqz.jpg?v=1716489463"},{"product_id":"syn-og-segn-2-21","title":"Syn og segn. Hefte 2-2021: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Er det lett misnøye, fullskala bygdeopprør eller populistiske politikarar som er på ferde? Den norske konflikten mellom sentrum og periferi finn stadig nye former.  Syn og Segn 2-2021 byr på stemmene frå bygda. Dei fortel om kva som skjer og om kvifor folk er så sinte. \nReidar Almås, sjølve nestoren i norsk bygdeforsking, bidrar med artikkelen «Ein perfekt storm». Han skriv at det nye norske bygdeopprøret i stor grad handlar om økonomi og prioriteringar. Sentralisering har vore ei drivkraft i norsk politikk gjennom mange tiår. Men Erna Solbergs reformer er annleis enn det ein har sett før, skriv Almås. Dei blir gjennomførte utan tiltak som kompenserer bygdene for det som forsvinn. Demed har misnøya vokse seg stor og Senterpartiet fått medvind på meiningsmålingane. \n \n278 grunnskular er lagt ned dei siste åra. Marit Aakre Tennø skriv om kva alle desse nedleggingane betyr for lokalsamfunna. Ho samanliknar det med å pille ut steinar frå ein steingard. Til slutt sit ein att med ei steinrøys.   \nAnette Musdalslien er ordførar i innlandskommunen Gausdal for Senterpartiet. Ho skriv om livet på landet og livet i storbyen og om kvifor ho i grunnen er glad i begge deler. \n \nDenne utgåva av Syn og Segn byr også på ein tekst av Mette Karlsvik om det fotoet som vart kåra til Årets bilete 2020 av Pressefotografenes klubb. Biletet viser ein person framfor ein laptop i tåkedis, og vart presentert med biletteksten «grått og trist og foran dataen». Karlsvik er personen på biletet og ho hugsar situasjonen som fin, ikkje trist. No har ho skrive eit essay om tolking, foto og om den komplekse verkelegheita.  \n \nLene Wetteland frå den norske Helsingforskomiteen skriv om russiske nettroll og om Vladimir Putins strategiske tryggingspolitikk. \n \nMiljøaktivisten Gaute Eiterjord skriv om Stortingsvalet. Til hausten går mange av dei som streika for klimaet til valurnene for første gong i livet. Eiterjord skriv om kvifor det burde merkast på resultatet.   ","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":38938322960535,"sku":"9788234006401","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Ee98aIDbeRSZz4T3OgmKUiOggkZb73vNLoptD4My.jpg?v=1716489467"},{"product_id":"syn-og-segn-4-21","title":"Syn og segn. Hefte 4-2021: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Syn og Segn med temanummer om Gud. \n \nSyn og Segn nummer 4 for 2021 er ute, og denne gongen handlar det om Gud. \n \nI år er det hundre år sidan den første bibelomsetjinga i nynorsk språkdrakt, den såkalla \"Fyrebilsbiblelen\", var ferdig. Anders Aschim, som er professor i religion og etikk ved Høgskulen i Volda, skildrar i sin artikkel eit dugnadsarbeid heilt utanom det vanlege. Jan Inge Sørbø skriv om kvifor anarkistar og fritenkjarar som Arne Garborg og Olaus Fjørtoft var så opptatt av å få bibelen på nynorsk, Fjørtofts kronargument var faktisk at ungane sjølv skulle kunne sjekke at prestane ikkje dreiv med vranglære. Sørbø sirklar også inn det nynorske språket sitt evige dilemma; det må vere fint, men ikkje for fint. \n \nSkodespelaren Svein Tindberg, mannen bak teateroppsetjingar som Abrahams barn og Markusvangeliet, er i haust aktuell med oppsetjinga \"Gudspartikkelen\". I eit intervju i Syn og Segn fortel han at han lenge såg det som idiotisk å tru på noko ein ikkje kan bevise. Men no har han endra mening og reknar seg som eit truande menneske.  Forfattar Mette Karlsvik intervjua Simon James Eide frå Extinction Rebellion i Noreg om kvifor han slutta i lærarjobben på Voksen skole for å bli klimaaktivist på heiltid. Marianne Dolpen, som fram til i haust var sauebonde i Rennebu i Trøndelag, fortel i artikkelen Den siste bonden på Tysksæter om kvifor ho blir den siste i sin familie som driv gard.  \n \nElles bidrar Anne Kalvig, professor ved universitetet i Stavanger med artikkel om Gud og den nyåndelege rørsla. Laura Djupvik byr på smakebitar frå ein serie dikt som har fått tittelen \"Strikkehistorier\". Dramatikaren Ellisiv Lindkvist skriv om korleis forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn har påverka hennar eigen forfattarskap. Kritikaren Eivind Myklebust skriv om den litterære klassikaren \"En landsbyprests dagbok\" av Georges Bernanos.  Mona Huang har laga ein teikneserie. Ketil Zachariassen, som er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø, har skrive ein ","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":38938323026071,"sku":"9788234006425","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/TwhhDZtV5tGxNZkq7o4ecCsRLH8VAHS2AV5EdFvj.jpg?v=1716489476"},{"product_id":"syn-og-segn-2-22","title":"Syn og segn. Hefte 2-2022: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Denne gongen handlar det om Ukraina og Russland. Den ukrainske poeten Ljuba Jakimtsjuk tar lesarane med inn i bustadhusa i Kyiv, medan bombene regnar over byen og fortel om korleis det kjenst å plutseleg vere eit mål i ein angrepskrig.\nLjuba Jakimtsjuk (Lyuba Yakimchuk) er elles eit namn å følgje med på. I USA har ho gjort suksess med diktsamlinga Apricots of the Donbas (University of Washington Press 2021 ). I april las Jakimtsjuk eigne dikt under Grammy-utdelinga.\nI artikkelen På sporet av Vladimir Putins verdsbilete skriv Russlandskjennar Kåre Johan Mjør om korleis Vladimir Putin brukar historia instrumentelt for å rettferdiggjere eigne geopolitiske ambisjonar.\n\nIngunn Lunde, som er professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, gjer eit djupdykk i forfattarskapen til Guzel Jakhina og Sergej Lebedev. Ho fortel også om kvifor russiske samtidsforfattarar aldri slepp unna fortida.\nDen belarussiske demokratiforkjemparen Darya Shut voks opp med ein far som var politisk dissident. I Syn og Segn fortel ho om vegen frå å skamme seg over sin eigen familie, slik ho gjorde då ho var barn, til å bli  ein av dei aller mest aktive i det belarussiske eksilmiljøet i Noreg.   \nSyn og Segn kastar seg også inn i 125-årsfeiringa av Tarjei Vesaas. Nordiskprofessor Benedikt Jager fortel historia om korleis Vesaas endeleg slo gjennom i Tyskland, vel femti år etter første forsøk.\n\nJournalisten Eva Marie Bulai skriv om verdien av tillit og gjer eit djupdykk i rumensk politisk kultur.  \nSyn og Segn 2-2022 har også ei ny diktspalte redigert av poeten Martin Ingebrigtsen. Første poet ut er Kaisa Aglen. Karl Egil Johansen analyserer fråhaldsrørsla sin veg frå å vere den sterkaste folkerørsla i Noreg til å bli marginalisert. Journalisten Per Emil Skjelbred skriv om den tyske politikaren Sarah Wagenknecht og hennar retoriske felttog mot den liberale venstresida. Vi trykker også intervju med forfattaren Erika Fatland, Øyvind Nordsletten, som er tidlegare norsk.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42404256841949,"sku":"9788234009150","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hfIKhnEpAIfNZcCFHrqkc0uSM8TlQJEENR22DWzS.jpg?v=1716490214"},{"product_id":"syn-og-segn-1-22","title":"Syn og segn. Hefte 1-2022: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Ragnar Hovland blir 70 15. april i år. Men festen er alt i gang i Syn og Segn. I intervju med Sigrid Sørumgård Botheim innrømmer Hovland at «eg har kjensler, sjølv om dei sit langt inne».  Litteraturkritikar Eivind Myklebust har gjenlese klassikaren Sveve over vatna og skriv om tull og alvor hos Hovland.   \n \nDenne gongen handlar det også om mat og moral. For vi i den vestlege verda et på ein måte som pressar klimaet, produksjonsdyra og som set framtidig matproduksjon i fare. Forfattar og Nationen-spaltist Kari Gåsvatn tek til orde for at diskusjonane om mat må bli mindre nærsynte. Det vi treng er mindre moralisering og større forståing for måten maten blir produsert på, hevdar ho. Eirik Magnus Fuglestad, som er odelsgut og forskar i Ruralis - institutt for rural- og regionalforsking, tek eit ramsalt oppgjer med rådande norsk landbrukspolitikk. Fuglestad skriv at vi lukkast med å lage billeg mat til mange menneske, men at prisen er fallande berekraft i alle ledd. Mat-formidlaren Gyro Knutsdotter Homme fortel om kvifor alle bør dyrke meir mat sjølv. Det er ikkje fordi det er lett, men nettopp fordi det er vanskeleg. Vi treng å tenkje annleis om mat - ein kastar ikkje den halve  gulrota ein har dyrka fram sjølv, skriv Homme.  \nKritikar Maria Horvei skriv om identitetspolitikk og kanselleringskultur. Ho slår fast at  identitetspolitikarar slett ikkje er åleine om å agere som moralpoliti, heller ikkje om boikott-krav. Debattkulturen på nett er blitt eit av dei største problema for den offentlege samtalen. Den har blitt eit spel som handlar om å vinne og som eine og åleine produserer taparar, skriv Horvei.  \nAndrés Rodríguez-Pose, som er professor ved London School of Economics og ved Universitetet i Stavanger, er opptatt av sambandet mellom økonomi og høgreradikalisme.   I Syn og Segn fortel han om korleis framgang for ytre høgreparti heng tett saman med langvarig økonomisk tilbakegang på landsbygda. Rodríguez-Pose kallar det hemnen frå stadene ingen bryr seg om. Sk","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42404256874717,"sku":"9788234009143","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/dkjFn7hobaLWnlGNuH9jWx5rj0GBXt0t2z58Sp36.jpg?v=1716490211"},{"product_id":"syn-og-segn-3-22","title":"Syn og segn. Hefte 3-2022: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Identitet og politikk får pulsen til å stige og kommentarfelt til å ta fyr. I den nye utgåva av Syn og Segn inviterer vi lesarane til ta eit steg tilbake og har fått fire forfattarar til å reflektere over kvifor kven vi er, og korleis andre ser oss, er så viktig. \n \nElles skriv filosofiprofessor Jon Hellesnes om filosofisk skepsis og økonomisk svindel. Litteraturkritikaren Eivind Myklebust skriv om fisk og familieforviklingar i Stein Torleif Bjellas «Fiskehuset» og Lars Ellings «Fyrstene av Finntjern».  I teksten «Mitt Russland» fortel Katarina Goldfain Johnsen om sorga over eit andre heimland som kjenst uendeleg langt unna. Ho er norsk-russisk, har vore aktiv i AUF og har jobba for Arbeidarpartiet på Stortinget. \nSynest du også at nynorsk er fint i dikt?  \nDenne gongen trykker Syn og Segn to nyskrivne dikt. Eit av Ellen Løvhaug Harrison, som er eit nytt namn for mange, og eit av den prisløna forfattaren Laura Djupvik. \nFotokunstnaren Linda Bournane Engelberth har teke bilete til temadelen om identitet.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42404268212445,"sku":"9788234009167","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LKM2Ovxs7BBB783ONHj6jueIeyhcKVwYrACxoe6R.jpg?v=1716490218"},{"product_id":"syn-og-segn-4-22","title":"Syn og segn. Hefte 4-2022: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Syn og Segn om sanning og løgn \n  \n«Den største løgna er ikkje den du fortel til andre. Det er den du fortel til deg sjølv». Dette skriv Lars Akerhaug, tidlegare redaksjonssjef i den islam- og innvandringsfiendtlege nettavisa Resett i den nye utgåva av Syn og Segn som akkurat har kome frå trykkeriet. Temaet denne gongen er sanning og løgn. Akerhaug fortel om sin veg til Resett, og om vegen ut att. \n \nDoktorgradsstipendiat Marthe Elden Wilhelmsen skriv om klimaskepsis og sanning i ein tekst som handlar om fakta, alternative fakta og om alternative oppfatningar av verkelegheita. \nMaksym Sytnikov frå ukrainsk PEN fortel om sitt arbeid for å sikre at pressa kan rapportere fritt frå krigen i Ukraina.   \n  \nMaria Parr vart kjent for bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. No skriv ho eit essay om kva historier som er viktige å fortelje og kva som eigentleg er verd å skrive om. \n \nI teksten Å lese Vesaas i Paris fortel forfattar og litteraturkritikar Margunn Vikingstad om korleis Tarjei Vesaas vart eit stort namn i Frankrike. Utan å røpe for mykje kan det nemnast at Jon Fosse spelte ei nøkkelrolle. \n \nMette Karlsvik skriv om korleis ho vart hovudstups forelska i forfattarskapen til årets nobelprisvinnar Annie Ernaux. \n \nIngrid Senje svarar på eit spørsmål ho har fått litt for mange gongar etter at ho debuterte med novellesamlinga Stupeteknikk i 2021;  om kvifor ho eigentleg skriv noveller når ein jo faktisk kan skrive romanar. \n \nTharaniga Rajah, forfattar av dystopiske framtidsromanen Det er lenge til skumring, skriv om kva som gjekk skeis i diskusjonen om såkalla litterære sensitivitetslesarar tidleg i haust. Det handlar om litteratur, sensur og om kunnskap. Rajahs tekst stod også på trykk i Klassekampen sist helg.  \n \n«Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ønskte sterkt ein slutt på det», skriv læraren Eivind Ødegård. Han fortel om kva han lærte av å leve med ei søster som var narkoman. Det er blitt eit eineståande essay om kva det kostar å v","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42404268245213,"sku":"9788234009174","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/XKq9WwCLWEBFG37XmAKhhKTDamPgiUBMfir7xWSf.jpg?v=1716490222"},{"product_id":"syn-og-segn-1-23","title":"Syn og segn. Hefte 1-2023: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Hovudtemaet denne gongen er nye perspektiv på tryggleik og tryggingspolitikk. Amund Trellevik skildrar korleis det norsk-russiske samarbeidet i Nord har forvitra som følgje av angrepskrigen mot Ukraina, poeten Julia Musakovska frå Lviv i Ukraina fortel om korleis det er å leve så tett på krigen, Øyvind Nordsletten som tidlegare var Noregs ambassadør til Russland skriv om diplomati, politisk realisme og fredsarbeid og Mass Soldal Lund skriv om tryggingspolitikk og digital politikk.","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":43603969147101,"sku":"9788234011207","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/bZnIhu2shA8iEDp9pO7w4QWwxSLWSqLIXYiQ1dfZ.jpg?v=1716515573"},{"product_id":"syn-og-segn-2-23","title":"Syn og segn. Hefte 2-2023: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Syn og Segn hefte 2 2023\u003cbr\u003e","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":43603969179869,"sku":"9788234011214","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/SGaiLHqhJA9BJJIIHx0WiypqDBn0XorxPWolU0fL.jpg?v=1716516234"},{"product_id":"syn-og-segn-4-23","title":"Syn og segn. Hefte 4-2023: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":null,"brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":43603969245405,"sku":"9788234011238","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LqgHNYlo9jSxflfMRJArJoqbFuV56m0K7onPKRdL.jpg?v=1716516237"},{"product_id":"syn-og-segn-1-24","title":"Syn og segn. Hefte 1-2024: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"I årets første Syn og Segn skriv dei Trondheimsbaserte poetane  Rune F. Hjemås og Matthias R. Samuelsen om korleis polariserte konfliktar om rasisme, identitet og geopolitikk speler seg ut i amerikansk samtidspoesi. Dei siste åra har Hjemås og Samuelsen gjort eit djupdykk i amerikansk litteratur. I  vår gir dei ut antologien Ny amerikansk poesi 2, der dei presenterer eit knippe av USAs fremste samtidspoetar. Denne utgåva  av Syn og Segn inneheld også nyomsette dikt av Solmaz Sharif og Orlando White og eit essay av poeten Mary Ruefle, som fekk strålande kritikkar for diktsamlinga Fjomp då ho kom på norsk i fjor.   \n \n","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":44627258409181,"sku":"9788234013256","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nEARrCFBVcXp4VGiyfDU3zjbwNc5Tvrbt1c0arMo.jpg?v=1716516301"},{"product_id":"syn-og-segn-3-24","title":"Syn og segn. Hefte 3-2024: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Den nye utgåva av Syn og Segn handlar det om skulen vår. Forfattar og illustratør \u003cstrong\u003eKari Stai\u003c\/strong\u003e skriv om barn og lesing. Skuleforskar \u003cstrong\u003ePeder Haug\u003c\/strong\u003e bidreg med ein artikkel om høge ambisjonar og  harde realitetar i skulen. Dag og Tid-journalist \u003cstrong\u003ePer Anders Todal\u003c\/strong\u003e skriv om kvifor den norske skulen treng ei digital avrusing. Forfattar og lektor \u003cstrong\u003eSimon Malkenes\u003c\/strong\u003e forklarer korleis den internasjonale studien Pisa fekk ei så dominerande rolle i norsk skulepolitikk og om kva det har ført til. \u003cstrong\u003ePer Emil Skjelbred\u003c\/strong\u003e  er opptatt av gutar og jenter og av korleis skulen kan bli meir praktisk. Kritikar \u003cstrong\u003eMerete Røsvik\u003c\/strong\u003e skriv om filmen \u003cem\u003eLærerværelset \u003c\/em\u003eog om lærarrolla.\u003cbr\u003eDen palestiske poeten \u003cstrong\u003eSomaya Elsousi\u003c\/strong\u003e måtte flykte frå Gaza. No lever ho i Noreg og følgjer med på krigen gjennom telefonen. Heile tida ventande på livsteikn frå barn og barnebarn og resten  av den store familien.\u003cbr\u003eI tillegg skriv \u003cstrong\u003ePål Mykkeltveit\u003c\/strong\u003e om \u003cstrong\u003eLars Roar Langslet\u003c\/strong\u003e og konservatisme i Noreg, \u003cstrong\u003eIvar Dale\u003c\/strong\u003e om Samarkand og byen Andijan, \u003cstrong\u003eBernt Hagtvet\u003c\/strong\u003e har skrive om Berge Furre og kommunismens historie, \u003cstrong\u003eSverre Tusvik\u003c\/strong\u003e om Samlaget og \u003cstrong\u003eHelene Larsen\u003c\/strong\u003e, som har vore elev på Samlaget og Minotenks skule for skrivande med minoritetserfaring har skrive ein dramatatekst.\u003cbr\u003e","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":44720543858909,"sku":"9788234013270","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_2e447776-c305-4304-84ad-b030485e3345.jpg?v=1727254913"},{"product_id":"syn-og-segn-2-24","title":"Syn og segn. Hefte 2-2024: tidsskrift for kultur, samfunn \u0026 politikk","description":"Politisk polarisering\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eSyn og Segn om Tyskland\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eÅrets andre utgåve av Syn og Segn handlar om Tyskland. Humorforskar \u003cstrong\u003eKai Schwind\u003c\/strong\u003e skriv om eit tema mange undrast over, men som få har kunnskap om – kva er eigentleg tysk humor? Schwind forklarar kva tyskarar ler av, kven dei ler av og gir ei systematisk innføring i  tysk humors historie frå Weimar-republikkens tid og fram til våre dagar.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eBjarne Våga\u003c\/strong\u003e, som er kunsthistorikar og leiar for Galleri Würth, skriv om biletkunst i DDR.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eBjørn Hatterud\u003c\/strong\u003e fekk stor suksess med boka \u003cem\u003eMjøsa rundt med mor\u003c\/em\u003e. No er han i gang med ei ny bok, og denne gongen skriv han om far sin. Det handlar om ein familie, om store landsbruksmaskinar og om kjærleik til den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSyn og Segn-redaktør \u003cstrong\u003eAstrid Sverresdotter Dypvik\u003c\/strong\u003e skriv om korleis det tyske politiske livet blir prega av framgangen til det radikale ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD).  I Europavalet denne helga fekk partiet sitt sterkaste resultat nokon gong. heile 15,9  prosent av dei tyske veljarane stemte på partiet.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHistorikaren \u003cstrong\u003eHåvard Klyve Parr\u003c\/strong\u003e skriv om erindringar og om den tyske filmregissøren Lutz Beckers omstridde dokumentarfilm \u003cem\u003eSwastika \u003c\/em\u003efrå 1973. Syn og Segns faste litteraturkritikar  \u003cstrong\u003eEivind Myklebust\u003c\/strong\u003e skriv om Walter Kempowski, som er ein av tyske etterkrigstidas største stjerner, men som framleis ikkje er omsett til norsk. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI tillegg har nasjonalbibliotekar \u003cstrong\u003eAslak Sira Myhre\u003c\/strong\u003e skrive ein personleg tekst om korleis Arne Garborgs litteratur har prega familien hans gjennom fleire generasjonar. \u003cstrong\u003eIngrid Kleiveland Vevle\u003c\/strong\u003e skriv om Halldis Moren Vesaas dikt \u003cem\u003eMødrehender\u003c\/em\u003e, og om sin eigen irritasjon over diktet. \u003cstrong\u003eHarald Stanghelle\u003c\/strong\u003e skreiv i Syn og Segn første gong i 1974. No er han tilbake i spaltene med tekst om Noreg, Israel og Palestina.  Forfattaren \u003cstrong\u003eGünel Mövlud\u003c\/strong\u003e fortel om kvifor ho vart nøydd til å rømme frå heimlandet Aserbajdsjans og om korleis ho enda opp i Noreg.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":44720543957213,"sku":"9788234013263","price":129.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_7e7e7ce6-71f3-4698-9693-31b3a14abd98.jpg?v=1718787747"},{"product_id":"det-morke-tyskland-2","title":"Det mørke Tyskland","description":"Ei aktuell og innsiktsfull bok om høgreekstremisme, polarisering og kampen om demokratiet i Europa.\u003cstrong\u003e \u003c\/strong\u003eTyskland har dei siste åra opplevd aukande politisk polarisering, framgang for ytre høgre og ei rekkje høgreekstreme valdshandlingar. Korleis kunne dette skje i landet som etter andre verdskrig gjorde opp med si eiga fortid?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI \u003cem\u003eDet mørke Tyskland\u003c\/em\u003e tek journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik lesaren med inn i dei høgreekstreme miljøa som har fått stadig større innverknad på tysk politikk og samfunnsliv. Gjennom møte med aktivistar, politikarar og vanlege veljarar undersøker ho kreftene bak framgangen til AfD og andre høgreradikale rørsler.\u003cbr\u003eResultatet er ei engasjerande og tankevekkjande forteljing om frykt, identitet, internettradikalisering og sosiale skiljelinjer – men også om motstand, demokrati og kampen for eit ope samfunn.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eDet mørke Tyskland\u003c\/em\u003e er sakprosa som kastar lys over ei utvikling som ikkje berre pregar Tyskland, men heile Europa.\u003cbr\u003eAstrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).\u003cbr\u003e","brand":"Astrid Sverresdotter Dypvik","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":48044657869021,"sku":"9788234018367","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_00d7759a-699b-405d-a704-0c23a9585149.jpg?v=1781687207"}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/collections\/Dypvik_Astrid_Sverresdotter_c_Mariann_Tvete_2016.jpg?v=1618905371","url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/astrid-sverresdotter-dypvik\/2017.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}