Kald krigs kviskring: barndom under den kalde krigen

Arnhild Skre |
E-bøker | Sidetal: 330 | ISBN: 9788252193572

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
«Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»
Slik tenkte historikaren Arnhild Skre (f. 1952) lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom? Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykten for atombomba. Koreakrigen 1950-1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. Alt dette verka inn på å forme norske barnesinn, hevdar Skre i denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga. I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som snudde om på norsk daglegliv og kultur.

Arnhild Skre (f. 1952) er norsk journalist, forfattar og historikar. Ho har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.

Meldingar

Arnhild Skre

Du likar kanskje desse

Sist sett på