Last ned omslag

Bla-i-boka

Rotteland

Arild Rein

Om den norske finansverda tidleg på 2000-talet

Vi nærmar oss finanskrisa 2008 i eit forrykande tempo. Storinvestoren Frank Hammer utnyttar alt og alle rundt seg. Ronny har begynt å tene store pengar i firmaet hans. I den illegale strippeklubben som Hammer, Ronny og kollegaene hans i St. Olav Invest frekventerer, arbeider Nadia som dansar. Nadia og Ronny vekslar på å føre ordet i ein roman som gir oss innblikk i finansverda i Noreg på tidleg 2000-tal, ei nesten uverkeleg verd som er integrert i den norske kvardagen. Kor lenge kan Nadia halde ut livet ho lever, og kor lenge kan oppturen til Ronny vare?

Frå Bokmeldingar

«Det er en ramsalt humor, det er nattsvart, det liknar ingen annan norsk forfattar. Han er ein unik forfattar. Han har ei stemme som er umiskjenneleg reinsk, sjølv om alle bøkene hans har ein unik og eigen stemme.»
Krimvakta, NRK P2

«Arild Rein var aldri røffare. Stavanger heller ikkje [...]. Meir hardkokt blir det ikkje framstilt her til lands enn når Rein fører lesaren inn i eit lommekjend siste dagars Stavanger, i ein by som har tatt eit steg vidare frå oljealderen og med nyfrelstes tru skritta inn i draumanes finans- og spekulasjonsrøynd [...]. Han gjer det i eit veldreidd plott og med ein filmatisk meisterklyppars raske forflytningar mellom folk og lokalitetar. [...] det er så ein dårlig nok rekk å ta inn over seg all valden, alt maktbruket, den nådeløysa og avstumpa råskapen, primitiviteten.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

«I framsnakkingens tid har verken lokalpolitikere eller lokalpresse vært i stand til å sette søkelyset på oljerikdommens skyggesider i Stavanger. Det har vært opp til forfatterne å løfte fram mørket som skjuler seg bak oljas stråleglans. Fremst blant disse har Arild Rein gått, og med Rotteland beviser han nok en gang at litteraturen har en rolle å spille i å løfte fram det som fortsatt er vondt og vanskelig i lykkelandet vi lever i.»
Mímir Kristjánsson, Klassekampen


ISBN: 9788252198416

Kategoriar: Alle bøker, Arild Rein, Romanar og noveller, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2019, Nyheit,

Sjanger: Romanar og noveller


Meir frå Arild Rein