Zweet

Marit Kaldhol |
Innbunden | Sidetal: 190 | ISBN: 9788252187342

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price259 kr
Kva er sanning, kva er løgn?

Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje?
Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint?

Ulike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?

Meldingar

Marit O Kaldhol

Du likar kanskje desse

Sist sett på