Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.
Marit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.
marit o kaldhol
marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.
Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.
kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.
Litterære prisar
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for Zweet.
KYRKJE- OG KULTURDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS
Kyrkje og kulturdepartementet sin litteraturpris 2010 for søkerord: ayotzintli.
SUNNMØRSPOSTENS KUNSTNERPRIS 2007
KYRKJE- OG KULTURDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS
Kyrkje og kulturdepartementet sin litteraturpris 2006 for Kino.
SAMLAGSPRISEN 2001
ÅLESUND BYS KUNSTNERPRIS 1995
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 1988 for Abschied von Rune (Farvel, Rune) saman med illustratør Wenche Øyen.
PREMIO EUROPEO PIER PAOLO VERGARIO 1987
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO