Vinterreise

Elfriede Jelinek |
E-bøker | Sidetal: 115 | ISBN: 9788252197037

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Det skapte både forundring, forarging og frygd då Elfriede Jelinek i 2004 blei tildelt Nobelprisen i litteratur, for hennar «musikalske straum av røyster og motrøyster (...) som avslører dei absurde klisjeane i samfunnet».

Hos Jelinek er det liksom språket sjølv som taler, i dei seinare stykka hennar i eit slag redigert monologisk stream of consiousness. I så måte skil hennar dramatikk seg markert frå den tradisjonelle dramatiske diktinga, og kvar einskild instruktør må så å seie skape sitt eige stykke på grunnlag av Jelineks språkflaum.

Elfriede Jelineks dikting er grunna hennar særeigne språklege musikalitet svært vanskeleg å setje om, men Oskar Vistdal har på meisterleg vis klart å føre Jelineks diktarlege særpreg over til norsk.

Frå tysk ved Oskar Vistdal.

Du likar kanskje desse

Sist sett på