Verda mi smeltar: å leve med klimaendringar på Svalbard

Line Nagell Ylvisåker |
Innbunden | Sidetal: 178 | ISBN: 9788234002311

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.

Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar?

På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.

Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Line Nagell Ylvisåker

Du likar kanskje desse

Sist sett på